Skule

Me ønskjer elevane på 1. - 4. trinn velkomne tilbake 27. april

Skulen og SFO opnar for 1. – 4. trinn måndag 27. april. Skulen har vore stengt i over ein månad og me gler oss til å sjå elevane att.

Saman gjør me det trygt å være i skulen

Med gode smitteverntiltak skal me syte for at det er godt og trygt å kome tilbake til skulen. Me følger råda frå helsemyndighetene og utdanningsdirektoratet. Hovudpunkta er:

  • Sjuke elevar, tilsette og føresette skal ikkje være på skulen
  • Me har etablert gode rutinar for hygiene
  • Me reduserar kontakt mellom personar

Smittevernetiltak

  • Elevane vert delt opp i grupper med færre nærkontaktar
  • 1.-2. klasse vil være Uggdal skule,  2. og 3. klasse frå Uggdal skule vil no være på Tysnes skule
  • Elevane på Onarheim skule går der som normalt
  • Føresette skal helst ikkje være med inn på skulen, elevane vert levert på avtalt sted
  • Det vil bli mykje undervisning ute
  • Det vil være auka fokus på reinhald
  • Alle elevar og vaksne vil få grundig opplæring i handvask og hostehygiene
  • Uteområde vil bli delt opp i sonar
  • Me ber om at dei som kan, ikkje nyttar offentleg transport. Dette for å kunne halde anbefalt avstand inne på bussane, til andre elevar og til sjåføren
  • Elevar og vaksne med symptom på luftvegsinfeksjon, må ikkje møta på skulen. Dette gjeld òg føresette ved levering og henting

SFO

  • SFO vil følgja vanlege opningstider ( 07.15-16.30)
  • På morgonen vil det vera SFO-tilbod på Tysnes skule og Uggdal skule. Ettermiddags-SFO vil bli samla på Uggdal skule
  • Me syt før skyss frå Tysens skule til Uggda, for dei som trenger det

Er det nokon barn som ikkje bør møte på skulen?

  • Norsk barnelegeforening meiner at dei aller fleste barn med kroniske sjukdomar kan og bør gå på skulen
  • Det er barnets lege skal vurdere om barnet kan være på skulen. Sjå skriv frå Barnelegeforeningen her

Kva om ein ønskjer å halde barn heime frå skulen?

Skulen har ein viktig rolle for barns læring, omsorg og utviking. Barn og unge har rett og plikt til grunnskuleopplæring. Dersom ei vel å ikkje sende barna til skulen vil dei føresette være ansvarlege for at barna får undervisning:

«Regelverket gjør det mulig for foreldre å ta barna ut av skolen og undervise egne barn hjemme. Det er foreldrene som da har ansvaret for å gi barna opplæring, tilsvarende opplæringen i skolen. Hvis foreldrene velger hjemmeundervisning, er det viktig at de er klar over at barnet ikke lenger er en del av den offentlige grunnskoleopplæringen, og at de blir fratatt en del rettigheter etter opplæringsloven. Blant annet har barnet ikke rett til spesialundervisning eller standpunktkarakterer.

Vi vil understreke at det beste for barna er å gå på skolen, så lenge de eller familien ikke er i en risikogruppe for å få alvorlig sykdom av koronaviruset. For barn som ikke er i risikogruppa, er det trygt å gå på skolen.»  Udir.no

 

Det er sendt ut eiget informasjonsskriv til føresette som har barn i 1.- 4. klasse.