Korleis søkje

Tysnes kommune bruker WebCruiter til lysing av ledige stillingar, faste og mellombels.

Ringjevikaravtaler vert som hovudregel ikkje lyst ut. Nokon helgestillingar kan være ledig ved direkte kontakt.


Ringjevikar

Fleire arbeidsplassar har trong for ringjevikarar som kan jobbe ved kortare fråvær. Som ringjevikar har du ikkje plikt til å ta vakter du får tilbod om, og arbeidsgjevar har ikkje  plikt til å tilby vakter.


Helgestillingar

Innan helse, på arbeidsplasser med døgnkontinuerlig drift, har me behov for tilsette som kan jobbe helg. Helgestillingar vert som hovudregel lyst gjennom WebCruiter. Dersom me har stillingar som har vore ubemanna over tid, ved kortare vikariat, eller der det er fleire ledige helgestillingar, kan me tilsette i desse utan også utanom lysing.

 

Ringevikar i barnehage

Tysnesbarnehagane har behov for ringjevikarar som kan dekka tilfeldige fråvær. Bruk kontaktskjema og meld din interesse, eller ta kontakt med einingsleiar barnehage for meir informasjon:

Wenche Fagerbakk, tlf 957 48 374 / wenche.fagerbakk@tysnes.kommune.no'

Ringevikar i heimetenesta

Heimetenestene har behov for ringjevikarar som kan dekka tilfeldige fråvær. Bruk kontaktskjema og meld din interesse, eller ta kontakt med einingsleiar Open omsorg for meir informasjon:

 

Ringjevikar eller helgestilling i bufellesskap

Me har to bufellesskapa i kommunen. Dei har behov for ringjevikarar som kan dekka tilfeldige fråvær og har ledige stillingar på helg.

Bruk kontaktskjema og meld din interesse , eller ta kontakt med avdelingsleiar ved Haugen bufellesskap for meir informasjon:

Irene Røssland Matre, tlf 975 89 023 / irene.rossland.matre@tysnes.kommune.no

 

Ringevikar i fellestenesta, resepsjon og sentralbord

Fellestenesta har behov for ringjevikarar som kan dekka tilfeldige fråvær. Bruk kontaktskjema og meld din interesse, eller ta kontakt med leiar fellestenesta for meir informasjon:
Tonje Aakre, tlf. 921 67 016 / tonje.aakre@tysnes.kommune.no

 

Støttekontakt/fritidskontakt i Tysnes kommune


Er du ein vaksen innbyggjar i Tysnes kommune som har lyst til å hjelpa andre til ei meiningsfylt fritid? Trykk på lenkja for meir informasjon og for kontaktinformasjon.