Me ønskjer å kome i kontakt med deg som ønskjer å vere ringjevikar hos oss, hovudsakleg med oppgåver knytt til resepsjon og sentralbord.

Arbeidstid vil vere mellom kl. 08:30 - 15:00

Ringjevikar

Som tilkallingsvikar kan me tilby arbeid/vakter ved fråvær grunna sjukdom, ferie eller andre mellombelse høve som fører til behov for mellombels tilsetjing.

Tilkallingsvakt har ikkje rett til å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudt arbeid.

Arbeidsoppgåver

 

Fellestenesta har ansvar for eit bredt spekter med kontorfaglege og administrative oppgåver knytt til dei ulike fagområda på rådhuset, og betener resepsjonen i opningstida.

Me arbeider i eit hektisk miljø der fleksibilitet, utstrekt serviceinnstilling og vilje til samarbeid blir lagt stor vekt på. Det er ein interessant jobb, med eit vidt spekter med oppgåver som skal løysast:

  • Betene sentralbord, herunder kontakt med publikum og kollegaer. Oppgåvene krev at du gjere deg kjent med kommunen sine avdelingar og tenester, for å forstå korleis me best kan hjelpe innringarane.
  • Følgje opp kontorfaglege rutiner som ligg til resepsjonen.
  • Ta del i oppgåver som til ei kvar tid høyrer til og blir lagt til avdelinga.

Kven er du?

Er du serviceinnstilt, trivs med varierte arbeidsoppgåver og ønskjer å vere ein del av eit spanande og hektisk arbeidsmiljø? Då er det kanskje deg me ser etter!

Kvalifikasjonar

  • Gode norskkunnskap
  • Evne til å kommunisere godt både skriftleg og munnleg
  • Du må kunne tileigne deg kunnskap raskt og ha evne til å tilpasse deg ein kvardag som er i endring
  • Relevant erfaring og kjennskap til kommunen er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Utstrekt serviceinnstilling
  • God ordenssans, nøyaktig og strukturert
  • Evne til å takle travle dagar og handtere fleire oppgåver samstundes
  • Positiv og motiveres av å jobbe med og for andre

 

Me tilbyr

  • Ein meiningsfull arbeidsdag.
  • Eit aktivt, hektisk og triveleg arbeidsmiljø prega av godt humør, med engasjerte, flinke og dedikerte kollegaer.

 

Ta kontakt med om du har spørsmål: Tonje Aakre, personalrådgjevar/leiar fellestenesta, tlf 92167016 / tonje.aakre@tysnes.kommune.no