Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Bilete av Andrea Piacquadio fra Pexels

Jobba i Tysnes kommune

Vil du jobba med oss?

Tysnes kommune er ein stor arbeidsgjevar i kommunen, med kring 330 tilsette. Oppgåvene våre er mange og allsidige, og me treng dyktige leiarar og medarbeidarar innan mange forskjellige yrkesretningar. 

Som tilsett i Tysnes kommune bidreg du til at Tysnes vert eit godt sted å leve, bo og arbeide. Dei fleste av våre tilsette yt tenester i direkte kontakt med våre innbyggjarar. Kommunen har mange tenester og det meste av ressursane går til barn, og til helse og omsorg.

Dyktige og motiverte medarbeidarar er vår viktigaste ressurs!

 

Ledige stillingar


Tysnes kommune bruker WebCruiter til lysing av ledige stillingar. Stillingane vert også lyst i lokalavisa og på NAV sine sider.

Ønskjer du å søkje jobb i Tysnes kommune må du registrera deg og søkje via WebCruiter.

Har du spørsmål, kan du senda ein e-post til post@tysnes.kommune.no eller ta kontakt med ekspedisjonen i rådhuset på tlf. 53 43 70 00, eller sjå rettleiing lengre ned på sida.

Rettleiing til deg som skal søkja på utlyst stilling

Korleis søkje?

  • Du må søkje elektronisk i WebCruiter.
  • Du må registre deg og oppretta bruker for å søkje.
  • Det er berre mogleg å søkja på stillingar som er lyst - og du må følgje lenkja frå stillingslysninga for å søkje.

CV og attester

  • Du må legge inn CV første gong du søkjer på ein ledig stilling i kommunen.
  • Din CV vert lagra i WebCruiter, så du kan bruke samme CV dersom du søkjer på fleire stillingar.

Korleis veit du at søknaden er motteke?

  • Du får ein e-post som stadfester på at din søknad er motteke.

Offentlig søkjarliste

  • Etter søknadsfristens utløp vert det oppretta ein offentlig søkjerliste.
  • Dersom det går fram av din søknad at du ønsker konfidensiell behandling, gjør me merksam på at opplysningar om søkjar kan gjerast offentlig, sjølv om søkjer sjølv har bedt om konfidensiell behandling. Søkjar vert i tilfelle informert om dette, jfr offentlighetsloven §25.

Trenger du hjelp til å søke?

Ønskjer du karriererettleiing?

  • Ønskjer du nokon å snakke med om jobb eller utdanning?
  • Treng du hjelp til søknad og cv-skriving.
  • Karriere Vestland tilbyr gratis karriererettleiing til alle vaksne over 19 år: karriererettleiing for vaksne

Lykke til!

 

 

Ringevikar i barnehage


Tysnesbarnehagane har behov for ringjevikarar som kan dekka tilfeldige fråvær. Meld din interesse via lenkja over, eller ta kontakt med einingsleiar barnehage for meir informasjon:

 

Ringevikar i heimetenesta


Heimetenestene har behov for ringjevikarar som kan dekka tilfeldige fråvær. Meld din interesse via lenkja over, eller ta kontakt med einingsleiar Open omsorg for meir informasjon:

 

 

Støttekontakt/fritidskontakt i Tysnes kommune

 
Er du ein vaksen innbyggjar i Tysnes kommune som har lyst til å hjelpa andre til ei meiningsfylt fritid? Trykk på lenkja for meir informasjon og for kontaktinformasjon.

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal