Tysnes barnevernteneste treng besøksheimar til born og unge.

 

Kva gjer ein besøksheim?

Å vere besøksheim vil sei at du tek imot eit barn eller ein ungdom i din eigen heim nokre dager i månaden. Over en periode får du besøk av eit gitt barn eller ungdom med ekstra behov for omsorg, tryggleik og gode opplevingar. Du og heimen din skal vere ein positiv støtte for dette barnet eller denne ungdommen.

Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak for:

  • barn og unge som treng å besøke andre voksne utanfor sin eigen heim
  • familiar som treng avlastning frå særskilt tyngande omsorgsoppgåver

Besøksheimen erstattar ikkje barnet sin heim, men er ein ekstra ressurs for barnet og ei støtte for foreldra.

Du får besøk ein eller fleire helger per månad. I enkelte tilfeller kan det vere behov for avlastning også på vekedagar eller i ferier.

Kven kan bli besøksheim?

Både einslege, par og barnefamiliar kan bli besøkshjem.

For å bli godkjent som besøksheim må du:

  • ha en stabil livssituasjon og kunne binde deg for minst eit år
  • ha overskott, tid og en ekstra sengeplass
  • vere glad i barn og ha evne til å bli glad i andre sine barn
  • ikkje ha store helseutfordringar, livskriser, rusproblemer eller psykiske problemer
  • ha daglige rutiner som er forutsigbare og trygge
  • leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader

Det er personlege eigenskapar som vert vektlagt ved godkjenning av besøksheim. Det vert ikkje stilt krav til utdanning.

Korleis blir eg besøksheim?

Du kan fylle ut søknadsskjema under, og sende det til adressa oppgitt på skjema. Barneverntenesta vil ta kontakt med deg/dykk for ein samtale for å finne eit oppdrag som høver for dykk.

Søknadsskjema for å bli besøksheim