Vidaregåande opplæring for vaksne

Tenesteomtale

Vaksne som har fullført grunnskulen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande skule, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring frå og med det året dei fyller 25 år. Denne retten kan i særskilte høve også gjelde ungdom som har behov for eit meir tilpassa opplegg enn det dei kan få i vanleg skule.

Opplæringa skal tilpassast behovet ditt og byggje på den formal- og realkompetanse du har frå før.

Målgruppe

Vaksne f.o.m. 25 år. I særlege høve også unge i alderen 16 til 24 år.

Pris for tenesta

Opplæringa er gratis. Fylkeskommunen har ansvaret for å halde deg med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr.

Lover

Opplæringslova § 4A-3 og § 3-1
Forskrift til opplæringslova kapittel 5 og 6

Opplæringslova
Forskrift til opplæringslova

Saksbehandling

Fylkeskommunen gjer vedtak om opplæringa. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje. Vedtaket vil også spesifisere kva tenesta omfattar.

Saksbehandlingstid

Fylkeskommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket om retten til inntaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til Fylkesmannen. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Fylkeskommunen vil kunne gje deg rettleiing. Dersom du vil klage på andre forhold ved tenesta, er det klagenemnda i fylkeskommunen som er klageinstans.

Tjenesten oppdatert: 24.05.2017 14:21