Einskildundervisning

  • Piano
  • Gitar/Bass
  • Song
  • Messing

Grupper

  • Musikkleik 5 - 6 år
  • Snekkerverkstad frå 7. klasse
  • Teater
  • Dans
  • Messing

Piano

I faget piano får eleven teknisk og musikalske utfordringar utfrå alder/ønskje og nivå. Eleven lærer å spele etter noter, men det er og høve til å jobbe med besifring.

Nokre elevar veljer å lære ulike typar tangentinstrument, og det er høve til å få undervisning på orgel, og keyboard ettervart.

Eleven må ha høveleg instrument heime.

Gitar/bass

På gitarundervisninga lærer du akkordar, fingerspel, plekterspel, improvisasjon melodi mm. Kanskje du finn ut at du likar å synge mens du spelar? Kvar elev har sin veg å gå, og denne finn me i lag på timen.

På bassundervisning har me som mål at eleven skal  bli ein stødig bassist, med god oversikt over gitarhalsen som forstår rolla si i samspel. 

Song

Eleven får utvikla stemmebruk, og øver på songar i ulike stilartar. Lærar komper eleven på piano.

Det vert og høve til duettsong, og fellestimar der elevane kan syngja fleirstemt.

Messinginstrument

Undervisning i gruppe der ein lære å spele eit messinginstrument, med tanke på å starte i korps året etter.