Tysnes legevakt tek imot pasientar som treng akutthjelp ved akutt sjukdom eller skader, utanom legekontoret sin opningstid.. Ring 116 117 før du oppsøkjer legevakta


Telefonnummer: 1116 117
 

Ring alltid 116 117 før du oppsøker legevakta

Vurder alltid om behandling av sjukdommen din eller skade kan venta til du får tima hos fastlegen. Ring legevaktnummer 116117 før du kjem på legevakta. Tynses legevakt er bemanna med vaktordning.

Ved akutt fare for liv og helse, ring 113

Når du ringjer 116 117, treffer du ein sjukepleiar som gir medisinske råd på telefonen og vurderer hjelpebehovet ditt. Ved alvorlege tilstandar vil du bli beden om å komma på legevakta.

Er det snakk om straks-hjelp vil vaktlegen vurdera situasjonen og dra ut dersom det er mest fornuftig.

Du må betala eigendel for behandling ved legevakta (gjeld ikkje for barn). Du må også betala for bruk av medisinar, bandasjar, gips og liknande. Stortinget fastset storleiken på eigendelen og prisen for bruk av materiell. Etter at du er ferdig med behandlinga kan du betala eigendelen på automaten. Du kan betala med kort eller kontant.