Føremål

Det overordna målet er å sikre kulturminneressursane som vitskapeleg kjeldemateriale og grunnlag for nolevande og framtidige generasjonars oppleving, sjølvforståing, trivsel og verksemd.

Føremålet med tilskotsordninga er å minimalisera tapet av verneverdige kulturminne, ved å verdsetja og forvalta verneverdige kulturminne i tråd med nasjonale og regionale mål. 

Ordninga skal stimulera til auka innsats på kulturminnefeltet og styrka vern av prioriterte kulturminne av lokal og regional verdi.

Kva kan du søkja om tilskot til?

Du kan søkja om tilskot til restaurering eller tiltak på faste kulturminne i Tysnes kommune.

Kven kan søkja?

Alle private eller organisasjonar som eig eller forvaltar eit fast kulturminne, med unntak av offentlege instansar.
Kulturminnet må vere prioritert i kommunedelplan for kulturminne.

Vilkår for tildeling

Tiltaka skal fylgje antikvariske retningsliner. Utførande handverkarar må ha utdanning eller realkompetanse innan bygningsvern og kunne vise til erfaring frå tilsvarande prosjekt.

Tildeling frå Vestland fylkeskommune føreset minst 50 prosent kommunal eller anna finansiering av tiltaket. I særlege høve kan kravet fråvikast.

Rapporteringskrav

Søkjarar som mottar tilskot frå Vestland fylkeskommune pliktar å sende statusrapport året etter tildeling. Denne skal innehalde ein kort utgreiing om framdrifta i prosjektet. 

Sluttrapport skal inn to år etter tildeling og må innehalde:

  • Utgreiing av gjennomførte tiltak og eventuelle avvik frå planen for tiltaket.
  • Rekneskap med oversikt over kostnader og finansiering
  • Dokumentasjon i form av før og etter foto e.l.

Rapporteringsfristar vert opplyst om i tildelingsbreva.

Krav til søknaden

Søknaden skal innehalda:

  • Prosjektskildring
  • Finansiering- og framdriftsplan
  • Dokumenterte utgifter, t.d. pristilbod frå handverkar. 

Sakshandsaming

Søknadsfrist er 1. november 2023. 

Lenkje til elekronisk søknadskjema

Søknadene blir først politisk handsama i Tysnes kommune som prioriterer søknadane og tildeler det kommunale tilskotet. Prioriteringa dannar grunnlaget for kommunen sin vidare søknad om fylkeskommunale midlar. Desse søknadane får svar innan juni 2024.