Sakshandsamingstid

Sakshandsamingstid for byggjesøknad er 12 veker etter at komplett søknad ligg føre.

Søknader som er i samsvar med lov og forskrifter, der det ikkje er nabomerknadar og uttaler eller løyve frå ande mynde ikkje er naudsynt, skal handsamast innan 3 veker.

Søknadar som krev dispensasjon frå plan eller føresegner skal kommunen avgjere innan 12 veker.  Fristen vert forlenga med den tid som går med til høyring hos ytre mynde og supplering av opplysingar.

Du finn meir om tidsfristane i plan- og bygningsloven § 21-7  og Byggesaksforskriften kapittel 7.

Kartteneste

www.kommunekart.com kan du legge på ulike kartlag og sjå kva for reguleringsformål som gjeld din eigedom.  Legg på kommuneplan eller reguleringsplan i kartet og klikk på din eigedom. Då vil du få opp arealformål og lenkje til www.arealplaner.no der du finn gjeldande reguleringskart og føresegner.

Kart som skal følgje med søknad må vere godkjent av kommunen og ikkje meir enn 6 månader.

Det skal tingast på www.ambita.no eller www.e-torg.no

Hugs! Den som byggjer har ansvar for å sjekke om oppføring av tiltaka er i tråd med regelverket og kommunens arealplan for området. Er du i tvil, ta kontakt med byggesak for rettleiing.

eByggesak sikrar lik handsaming

Tysnes kommune nyttar Elements eByggesak som fagsystem. eByggesak er bygd opp av standardiserte arbeidsflytar og leiar sakshandsamar steg for steg gjennom  heile prosessen og kontrollerer relevant dokumentasjon digitalt. Dette sikrar lik handsaming av byggesaker uansett kva sakshandsamar som har saka di.