Tilskott til tilpassing av bustad

Tenesteomtale

Har du behov for ein spesialtilpassing av bustaden din, kan du søkje kommunen om tilskott for å dekkje kostnadene anten heilt eller delvis. Tilskottet kan gjevast til spesialtilpassing av den bustaden du har eller dersom du skal byggje eller kjøpe bustad. Det er òg mogleg å søkje Husbanken om tilskott til prosjektering og utgreiing på førehand.

Målgruppe

Personar med nedsett funksjonsevne

Kriterium/vilkår

Det blir gjort ei vurdering av både dei særskilde behova du har for tilpassing og av den samla økonomien i husstanden.

Samarbeidspartnarar

Husbanken

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan søkje elektronisk her. Kommunen kan hjelpe deg å fylle ut søknaden.

Vedlegg

Vedlegga går fram av punkt 8 i søknadsskjemaet.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogeleg. Dersom ein ikkje kan gjere eit vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Grunngje dette eventuelt med nye opplysningar. Klagenemnda i kommunen er klageinstans.

Tjenesten oppdatert: 21.04.2017 14:51