Tilskot til idrettsanlegg

Tenesteomtale

Idrettslag kan søkje om tilskott for å byggje eit idrettsanlegg eller for å rehabilitere eller innrede eit eksisterande idrettsanlegg. Eit anlegg kan vere alt frå ein klatrevegg til ein alpinbakke.
 
Borettslag og samskipnader kan òg søkje om tilskott til å utvikle eit nærmiljøanlegg, som er eit utendørsområde for egenorganisert fysisk aktivitet. Til dømes ein trimpark eller ein ballbinge.
 
Reine reiskapsleikeplassar (sandkasser, hugsar, sklier, vippar, klatrehus osb.) fell utanfor ordninga. Personleg utstyr og forbruksmateriell (ballar, racketar osb.) er heller ikkje tilskuddsberettiget.

Målgruppe

Midlar til idrettsanlegg kan søkjast av blant anna kommunar, idrettslag og ikkje-kommersielle selskap med idrett som føremål. 
 
Midlar til nærmiljøanlegg kan òg søkjast av velforeninger og borettslag.

Kriterium/vilkår

Kulturdepartementet har utforma retningslinjene for kven som kan søkje og korleis å søkje.
 
Skal du søkje om tilskott til eit idrettsanlegg, må du følgje retningslinjene i kapittel 2 i Avgjerder om tilskott til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2017 .
 
Skal du søkje om tilskott til utvikling av eit nærmiljøanlegg, må du følgje retningslinjene i kapittel 3 i Avgjerder om tilskott til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2017.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

  • Kontakt oss for å registrere anlegget i anleggsregisteret
  • Vi gjer ei vurdering og fører det eventuelt opp i kommuneplanen
  • Vi må òg godkjenne prosjektet til idrettsføremål (idrettsfunksjonell førehandgodkjenning)
  • No kan du sende inn søknaden (www.anleggsregisteret.no)
  • Vi gjennomgår og kontrollerer søknaden, og oversender til fylkeskommunen, innan 15. januar
  • Fylkeskommunane gjennomgår og handsamar søknadene, innan 15. mars
  • Kulturdepartementet fordeler spelemidlar til fylkeskommunane, innan 15. mai
  • Fylket løyver eller avslår søknader, og sendar svar til søkaren, som regel innan 1. juli.
  • Søkarar som får tilskott, ferdigstiller anlegget og reviderer sluttrekneskapen før det vert tilsendt inn utbetaling av tilskott.

Saksbehandling

Kommunen mottek den elektroniske søknaden, gjennomgår han og gjer ein intern prioritering av søknader. Dette skjer normalt i form av eit politisk vedtak. Søknadene vert vidare sendt til fylkeskommunen innan 15. januar kvart år. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden. Fylkeskommunen skal innhenta dei opplysningane som er naudsynte for å avgjera saka. Deretter fattast det eit vedtak. Vanlegvis får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving viss det kan tenkjast at du vert misnøgd med vedtaket. Viss grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få han ved å henvenda deg til fylkeskommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Høve til å klage

Viss du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Kulturdepartementet innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgt med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du henvende deg til kommunen eller til fylkeskommunen.

Tjenesten oppdatert: 27.12.2017 12:00

Relaterte artiklar