Skogplanting - tilskott

Tenesteomtale

Dette er ei støtteordning til tettare nyplanting og suppleringsplanting etter hogst på eksisterande skogareal. Målet er å auke talet på skogplantar ved forynging av eksisterande skogareal.

Alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog, og som har oppfylt kravet om minimum utplantingstal, kan søkje om tilskott.

For 2017 blir det gjeve 80 % tilskott til skogeigar for inntil 50 plantar/daa som blir planta ut over eit fastsett, bonitetsavhengig minimumstal.
 

Målgruppe

Skogeigarar

Kriterium/vilkår

Alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog, og som har oppfylt kravet om minimum utplantingstal, kan søkje om tilskott.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Søknad om tilskott blir registrert digitalt via ‘Skogfond på nett’, som alle skogeigarar har tilgang til via Landbruksdirektoratet si hjemmeside. Søknad skal du registrere så snart som råd etter at tiltaket er avslutta og faktura er teken imot.

Som eit alternativ til digital registrering kan du levere søknad om tilskott på papir til skogbruksetaten i kommunen. Dette skal skje på skjema LDIR-909, og med søknaden skal du levere kopi av faktura og eit kart som viser kor tiltaket er gjennomført.

Spørsmål og svar om dette tilskottet https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/skog-og-klima/tettere-planting/sporsmal-og-svar#spoersmaal-og-svar-om-tettere-planting
 

Saksbehandling

Før tilskottet blir innvilga, skal kommunen alltid sjå til at:

  • Nødvendig dokumentasjon er levert med søknaden, dvs. faktura og tilfredsstillande kartfesting.
  • Areal, talet på plantar og bonitet er vist på ein tilfredsstillande måte.

I tillegg skal kommunen gjennomføre ein risikobasert feltkontroll på minimum 10 prosent av plantefelta.  Sjå meir hos Landbruksdirektoratet https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/skog-og-klima/tettere-planting#forvaltning-og-kontroll

Rettleiing: Praktisk bruk av naturmangsfaldlova ved behandling av skogsaker (2015) https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/skog-og-klima/tettere-planting/publikasjoner/_attachment/48814?_ts=1545204c160&download=true
 

Saksbehandlingstid

Kommunen/Fylkesmannen skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når ein meiner at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjort vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Tjenesten oppdatert: 09.05.2017 11:52