Tysnes kommune forvaltar eit testamentert stipendiefond for ungdom frå Tysnes under utdanning.
Fondet skal forvaltast i samsvar med testator sine ynskje, og det er berre deler av avkastinga av fondet som kvart år kan delast ut.

Fondet vil på denne måten auka i verdi og vera til nytte for tysnesungdom i lang tid.

Fyller du vilkåra nedanfor, er du i målgruppa og kan søkja om tildeling frå fondet:

  • Du må vera i aldersgruppa 20 – 30 år (dette kravet kan fråvikast)
  • Du må vera oppvaksen i Tysnes.
  • Foreldre / fosterforeldre må ha vore busette i Tysnes i same perioden.
  • Du må ta utdanning ut over grunnskule / vidaregåande skule.
  • I utgangspunktet må du ha utgifter til opphald utanfor heimen eller store reiseutgifter knytt til utdanninga.

Ved vurdering av søkjarar, skal styret for fondet ta omsyn til søkjaren og foreldre/føresette sin økonomi.

Styret må retta seg etter testator sitt ynskje om at grunnkapitalen kvart år skal aukast med deler av avkastinga.

Utdelinga få fondet vil difor vera avhengig av rentesituasjonen.

I utgangspunktet vert det tildelt midlar frå fondet kvar haust etter kunngjord søknadsfrist.

Saman med søknad om støtte må det fylgja dokumentasjon om aktuell utdanning.

Søknadsfrist vert kunngjord i bladet «Tysnes» med tilvising til denne informasjonen.

Treng du opplysningar ut over dette, kan du kontakta Tysnes kommune v/ ordføraren eller kommunalsjef oppvekst.