Naturskadar - erstatning

Tenesteomtale

Det finst naturskadar det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ein vanleg forsikringsordning. Naturskadeerstatningslova regulerer det offentlege sitt tilbod om erstatning for slike skadar, og har til føremål å gje erstatning etter ei naturulykke slik at du kan halde fram med verksemda. Ordninga gjeld for heile den private sektor og er ikkje ei spesiell ordning for landbruket. For at skaden skal bli sett på som ein naturskade som gjev grunnlag for erstatning, må skaden direkte skuldast ei naturulykke (skred, storm, flom, jordskjelv o.l.).

Målgruppe

Gjeld for alle private personar og verksemder som er utsette for naturskadar

Kriterium/vilkår

For å ha krav på erstatning frå statens naturskadeordning må desse vilkåra vere oppfylte:

  • Det må ikkje vere høve til å forsikre seg mot skaden ved ei alminneleg forsikringsordning.
  • Den skadelidne må ikkje ha krav på erstatning av tredjemann.
  • Naturskaden må ha skjedd på fast gods i Noreg eller på lausøyre som er i Noreg når eigaren bur eller er arbeidstakar i Noreg.
  • Skaden må ikkje ha skjedd på eigedom som tilhøyrer staten, ein kommune eller ein fylkeskommune, eller der nokre av desse har ei framtredande økonomisk interesse.
  • Søknaden må sendast seinast tre månader etter at skaden skjedde.

Skadar med grunnlag for erstatningsutmåling under 20 000 kroner blir ikkje erstatta.

Pris for tenesta

Ved naturskadehendingar som blir søkt erstatta av staten, skal det bli trukke ein prosentvis eigendel. Det blir trukke 30 % av dei første 100 000 kroner, og 15 % av den delen av erstatninga som overstig 100 000 kroner.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Statens naturskadeordning

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

I søknaden må du dokumentere at det har skjedd ein naturskade, og kva for kostnader som er nødvendige for å gjenopprette skaden. Landbruksdirektoratet er ansvarleg myndigheit og skal på bakgrunn av dokumentasjonen fastsetje erstatninga. Forskrifta stiller gradvis strengare krav til dokumentasjonen, avhengig av kostnaden ved gjenopprettinga. I enkelte tilfelle kan det vere nødvendig at Landbruksdirektoratet også innhenter takst som tilleggsdokumentasjon.

Saksbehandling

Landbruksdirektoratet tek imot elektronisk søknad, og vil normalt behandle søknaden innan tre månader. Du vil da få vedtak eller avslag med grunngjeving. Ved innvilga erstatning har du tre års frist for å utbetre skaden og sende Landbruksdirektoratet dokumentasjon på at skaden er utbetra. Da vil erstatninga bli utbetalt.

Høve til å klage

Du kan klage over vedtak frå Landbruksdirektoratet til Klagenemnda for naturskadesaker. Fristen for å klage er tre veker etter at du har fått vedtak om erstatning.

Tjenesten oppdatert: 11.01.2017 13:15