Litt om oss

Lunde barnehage

Lunde barnehage er i dag ein to avdelingsbarnehage med 36 plassar. Barnehagelokala er store og gode og det er derfor muligheter til å ta inn fleire barn.

Barnehagen ligg midt i sentrum av Lunde i nærleiken av butikk og kafe. Barnehagen nyttar seg av mange fine områder rundt i nærmiljøet til leik og tur.