No kan du som brukar av Tysnes Kommune sine tenester psykisk helse vaksne og tenester for personar med funksjonshemming kommunisere med tenesta via www.helsenorge.no

Føresetnad

Du må allereie ha blitt tildelt/ha oppretta kontakt med ein av dei nemnte tenestene. 

Slik gjer du det

  1. Gå til www.helsenorge.no
  2. Logg inn med bank-ID. 
  3. Samtykk til “full” bruk av tenestene på helsenorge ved å gå inn på personvernsinnstillingar. 
  4. Start ein dialog med tenestene du har ved å gå på «Helsekontakter» og finne tenesta du vil kontakte. 

Samtalane vil bli liggande under menypunktet «Meldingar». 

Tenesta du har skal svare deg så raskt som mogleg, og seinast neste verkedag.

 

Sjå film om korleis Christian som nyttar helsenorge til å kommunisere med sine helsekontaktar

Kan gje tilgang til pårørande

Brukara av nemnte tenester kan også gje tilgang til tenestene til sine pårørande. 

Les meir om moglegheitane på helsenorge.no

Digital kommunikasjon også med andre tenester

Moglegheita for digital kommunikasjon vil snart opnast også for dei andre tenestene innan helse og omsorg. 

Dette er eit veldig godt alternativ til å ringe oss.