Manntalet er tilgjengeleg for ettersyn frå og med i dag, 10.juli, til og med valdagen, 11.september.

 

Klage ved feil i manntal

Dersom du sjølv eller nokon andre uriktig er blitt innført eller utelatt frå manntalet i kommunen, kan krevje at feilen blir retta opp i, jf. vallova § 2-7 (1). Kravet må vere skriftleg og begrunna.

Klagen kan sendast til:
Valstyret Tysnes kommune, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
eller pr e-post: post@tysnes.kommune.no

 

Manntal sametinget

Manntalet til sametinget vert lagt ut til offentleg ettersyn på same stad og i same tidsrom. 

Klage på sametinget sin valmanntal, skal sendast til: Sametinget, postboks 3, 9735 Karasjol eller pr e-post: samediggi@samediggi.no

 

Relaterte lenkjer