På røystesetlane som blir nytta i kommunestyrevalet skal kandidatar som er kumulert stå med utheva skrift, slik at veljarane ser kven det er. Ved ein feil visast ikkje denne kumuleringa (utheva skrift) på røystesetlane som er nytta ved førehandsrøysting i Tysnes.

Det same gjeld på røystesetlar som partia har hatt med seg ut på stands eller lagt i postkassar. Dette er ein beklageleg glipp.

Det er viktig å understreka at denne feilen ikkje gjer grunnlag for å underkjenna valet, då mandatfordelinga mellom partia ikkje blir påverka.

Dersom du har førehandsrøysta, så tel di røyst som normalt, og alle politikarar som er kumulert får framleis den ekstra vektinga.

 

Har bestilt oppdaterte røystesetlar

Me har bestilt nye røystesetlar, der kumulerte politikarar vil stå med utheva skrift. Desse vil bli brukt i vallokala på valdagen. Så snart dei oppdaterte listene kjem, vil desse bli brukt også ved førehandsrøystinga.

 

Ekstra informasjon

Du kan førehandsrøysta i Grendatun, Uggdal. Her vil det bli gjeve informasjon om kven som er kumulerte kandidatar, fram til dei nye listene kjem. Har du spørsmål, så får du all hjelp du treng av ein av våre valmedarbeidarar på staden.

 

Oversikt over kven som er kumulert på kvar liste
 

Arbeidarpartiet

1. Synnøve Bakke
2. Asbjørn Myklestad
3. Anna Haaland Haugsgjerd
 

Tysnes Framstegsparti

1. Magnar Solheim
 

Høgre

1. Kristi Pedersen Madsen
 

Kristeleg folkeparti

1. Magnar Hauge Skartveit
2. Hildur Heie
 

Miljøpartiet Dei Grøne Tysnes

1. Torleif Torgersen
 

Industri- og Næringspartiet 

1. Trond Borg
2. Robert Elgsås
3. Rebekka Instøy
4. Geir Kenneth Tvedt
 

Tysnes Senterpartiet

1. Arne Leite


Tysnes Sosialistiske Venstreparti

1. Gjermund Lygre Kongsvik
2. Anders Lundevold