Skjenking

Sals- og skjenkeløyve

For å selja/skjenka alkoholhaldig drykk trengst det sals- eller skjenkeløyve. Salsløyve er det løyvet ein daglegvarehandel treng for å selja øl med inntil 4.75 volumprosent alkohol. Skjenkeløyve må ein serveringsstad ha for å kunna skjenka alkoholhaldig drykk. Serveringsstaden må i tillegg ha eit serveringsløyve.

Søk ved å e-post til post@tysnes.kommune.no

For rettleiing i kva søknaden skal innehlade, ta kontakt med kommunen på tlf: 55 43 70 00 eller e-post: post@tysnes.kommune.no

Kunnskapsprøve om alkohollovgjevinga: 

Kvar sals- eller skjenkestad må ha ein kvalifisert styrar og neststyrar for sals-/skjenkeløyvet. Desse må i tillegg til å oppfylla visse vandelskrav ha gjennomført ein kunnskapsprøve om alkohollovgjevinga. Kommunen er pliktig til å gjennomføra ein slik kunnskapstest innan 2 månader etter førespurnad om dette. Dersom du ønskjer å ta prøven hos Tysnes kommune kan du ta kontakt på tlf. 53 43 70 00 eller e-post. Prøvegebyret er kr. 400,-. 

Kontakt oss

Næring

Telefon: 53437000

Telefax: 53437011

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal