REFERAT FRÅ MØTE I TYSNES UNGDSOMRÅD 2022

Onsdag 20. april 2022
Kl. 0800 – 1345 Treffstaden

Til stades:
Lars Kristoffer Meidell Alsaker
Tora Nødland Austvik
Hanne Sofie Brandvik
Milena Titoka
Alma Vermedal
Synnøve Bakke, sekretær for ungdomsrådet
Kåre Martin Kleppe, ordførar

Gjest:
Jon Rabben, Statens vegvesen (Teams)

Forfall:
Stine Erstad
Anna Haaland Haugsgjerd
Hans Torbjørn Lygre Kongsvik
Anna Olea Fjeldet Sunde
Iselinn Thunold
Sander Thunold

Saksliste

1. Leiar Alma Vermedal ønskte velkommen

2. Innkalling vart godkjent

3. Referat frå 16.03.22 vart godkjent

    https://www.tysnes.kommune.no/referat-16-03-22.6515384-532215.html

4. Dagsorden vart godkjent

5. Orienteringssaker

Skyssbåt til Os, v/ordføraren (sjå vedlegg)
Ordføraren orienterte om Skyss-båten til Os. Saken løyste seg og fylket betaler det kostar å oppretthalde tilbodet med hurtigbåt til Os tilpassa elevane på dei vidaregåande skulene på Os. Ordføraren meinte at det brevet ungdomsrådet hadde sendt direkte til fylkesordføraren hadde hatt stor innverknad på løysinga av saken.

Referat frå Fylkestinget på Voss, v/Lars Kristoffer
Alle dei 86 vedtektene i Vestland Ungdomsutval vart debattert og stemt over på nytt i løpet av helgen på Voss. Lars Kristoffer stilte til val og vart vald inn som 7. vararepresentant til Vestland VU.

Rein Hardangerfjord 12. -16. september 2022. Felles samling i Ulvik for ungdomsråda i Sunnhordland og Hardanger vart avlyst, men det vil bli arrangert i samling snart for ungdomsråda i Sunnhordland. Her kan du lese meir om prosjektet: https://www.nrk.no/vestland/skal-rydda-heile-hardangerfjorden-for-plast-1.15883448 og her https://www.hardanger.com/d/2022/Pressemelding%20Rein%20Hardangerfjord_docx.pdf

Open Hall – ungdom v/Alma. Neste open hall ungdom er 23. april.  
Alma og Milena stiller på Open Hall for 10. klasse – 23 åringar 23. april i Tysneshallen. 

6. 1. mai-markering
Alma hadde sagt ja til å halde 1. mai tale på markeringa i Mandelhuset, men vart forhindra. Stine Erstad sa ja til å ta over. Det vart diskutert kva som var viktig å ta med i talen, og det var einigheit om at en ville appellere til at ungdom måtte bli meir inkludert i det som går føre seg i kommunen.

Eit døme på dette kunne vere at ungdom ble tatt med i styrer i idrettslag. Viste til godt eksempel i Tysnes ungdomslag, der ungdom i styret førte til ungdomsdisco i Vonheim. Ein ønskte også å oppmoda om å inkludere ungdom i dugnadar på prosjekt som angår dei.

Andre emne som vart diskutert var inkludering, forbruk og flyktningar.

7. Reglement for Tysnes ungdomsråd
Det vart arbeidd med å lage eit reglement for Tysnes ungdomsråd. Vedlagt dette referatet er første utkast. Utkastet vil bli handsama i neste møte i ungdomsrådet.

8. E39
Ordførar og ungdomsrådskontakten informerte litt om prosjektet og dei dilemma ein har i ungdomsrådet. Om vegen kjem vil tre av medlemmane blir direkte råka. Det gjer oss nokre utfordringar i korleis vi skal jobbe med saken framover. Vi tar opp att saken på neste møte, når fleire frå rådet er til stades.

Jon Rabben frå Statens vegvesen var med oss på Teams. Han fortalte om prosjektet og kor vi er i prosessen akkurat no. Hans presentasjon ligg ved referatet.

9. Ungdata - søvn
Ein jobbar vidare saman med elevråd og skule for å få til noko før sommaren.

10. Dato for neste møte
Dato for neste møte vart ikkje avtalt. Vi finn dato saman i Messenger-gruppa.

Skrivar
Synnøve Bakke
05.05.22