REFERAT FRÅ MØTE I TYSNES UNGDOMSRÅD 2022
Onsdag 16.03.22
Kl. 08:30-15:00 Kommunestyresalen

Til stades:
Lars Kristoffer Meidell Alsaker
Tora Nødland Austvik
Hanne Sofie Brandvik
Stine Erstad
Hans Torbjørn Lygre Kongsvik
Anna Olea Fjeldet Sunde
Sander Thunold
Milena Titoka
Alma Vermedal
Synnøve Bakke, sekretær for ungdomsrådet
Kåre Martin Kleppe, ordførar
       

Gjester:
May Siren Birkeland Holme, psykisk helsearbeider
Marita Dalseid, psykisk helsearbeider
Susanna Heggland, kommunepsykolog
Morten Anthonessen, rådgjevar for plan

Forfall:
Iselinn Thunold
Anna Haaland Haugsgjerd

 

Saksliste

1. Leiar Alma Vermedal ønskte velkommen

2. Innkalling vart godkjent, men nokon hadde fått innkallinga litt seint.       

Det vil framover bli varsla i Messenger-gruppa når innkalling og referat blir sendt ut, for å sikre at alle får dette.

3. Referat frå 02.02.22 vart godkjent.

https://www.tysnes.kommune.no/referat-02-02-22.6512854-532215.html

4. Dagsorden vart godkjent, ny sak 6B

5. Leiar gjekk igjennom dagens opplegg

Alma tok også opp at dei som søkjer om å få vere med i ungdomsrådet må delta i arbeidet. Det beste er om ein kan delta fysisk på møta, men om ikkje det går kan ein delta digitalt. Om ein ikkje har høve til å delta, er det ønskjeleg at ein sender inn innspel til saker som skal drøftast. Om ein ikkje ønskjer å bidra med noko, bør ein vurdera om ein tek opp ei plass i ungdomsrådet, som heller kunne vore gitt til andre.

6. Fylkesting for ungdom

Det skal vere fylkesting for ungdom på Voss 25. – 27. mars. Det er satt av to plasser til delegater frå Tysnes ungdomsråd, desse har tale-, forslags-, og røysterett. I tillegg kan vi sende ein til som observatør. Lars Kristoffer og Milena ønskte å reise. Milena måtte sjekke noko     privat før ho kunne gje endeleg svar.

6b. Invitasjon til Hardanger ungdomsting

Det er komen invitasjon frå Hardanger ungdomsråd om å delta på Hardanger ungdomsting 4. april. Alle finn ut om dei har høve til å delta. Mogleg avreise søndag, slik at ein ikkje treng starte så tidleg.

7. Saksframlegg formannskapet 24.03.22
           Friskus
           Ingen spesielle kommentarar – positive til forslaget

 8. Saksframlegg formannskapet 24.03.22

Friluftslivets ferdselsårer
Ønskte at ein av sykkelrutene gjekk i skog – positive til forslaget

9. Saksframlegg formannskapet 24.03.22

QR-prosjekt
Ingen spesielle kommentarar – positive til forslaget

10. Marita Dalseid og May Siren Birkeland Holme, psykisk helsearbeidarar

Marita og May Siren fortalte at dei var tilsett i eit engasjement på eitt år, finansiert av korona-midlar. Prosjektet dei skal jobbe med er å få ungdom ut og tilrettelegge for sosialt samvær.

Laurdag 26. februar arrangerte dei Open Hall for ungdom frå 10. klasse og oppover, frå 19-2130. Åtte personer møtte opp og det var veldig kjekt. I hallen var det bowling, klatrevegg, gamingrom, bibliotek, aktiviteter i hallen og servering av mat. Marita og May Siren lurte på om dei kunne inngå eit samarbeid med ungdomsrådet om prosjektet?

Ungdomsrådet stilte seg positive til eit samarbeid og meinte dette var eit supert opplegg for ungdom. Spesielt vart det trekt fram at opningstid laurdag kveld var veldig positivt!

Det opprettast ei Messenger-arbeidsgruppe for dei i ungdomsrådet som er frå 10. klasse og vgs. Det var snakk om å organisere volleyball-turnering, kino eller anna. Det er lov å ta med vener frå andre kommunar.

Datoar for Open hall – ungdom i 2022: 26.02, 02.04, 23.04, 21.05, 18.06, 27.08, 24.09, 29.10, 26.11, 17.12.

May Siren og Marita ønskte også hjelp til å reklamere for gamingkveld for dei frå 18-35 i Treffstaden. Dette skjer annankvar torsdag.

11. Susanna Heggland, kommunepsykolog

Susanna presenterte verktøyet for BTI-modellen https://tysnes.betreinnsats.no/. Ho ønskte innspel og tilbakemeldingar på korleis det ser ut og ordlyden på sidene. Ungdomsrådet gjekk igjennom dei sidene som var mynta på barn og ungdom og kom innspel til både presentasjon og innhald. Susanna ønskte òg innspel på korleis ein skal marknadsføre verktøyet for barn og unge i kommunen. Det ble foreslått å leggje det ut på Instagram-kontoen til Helsestasjon for ungdom og Tysnes ungdomsråd, samt presentasjon i alle klassane. Det vart også diskutert å lage ei film for SOME, der ungdomsrådet ville bli involvert.

Susanna ønskte også innspel frå ungdomsrådet i samband med ei heimelekse ho hadde fått i samband med samlingar for innføring av den nye oppvekstreformen. Spørsmåla var satt inn i ein samanheng der ein ungdom hadde bruk for hjelp av vaksne i kommune. Spørsmåla vart stilt på Menti: Kva kjenneteiknar god hjelp? og Innspel for å gje betre hjelp?

12. Morten Anthonessen, rådgjevar for plan

Morten presenterte arbeidet med den nye arealplanen. Ungdomsrådet starta med å sjå på den gamle planen på analoge kart, der dei fekk ei innføring i kvar arealplanen er og kva dei ulike fargene tyder. Dei fekk presentert nokre av innspela som har kome inn til planarbeidet. Det vart bestemt at Morten kjem igjen når politikarene har gjort første siling av innkomne forslag. Då kan han og ordføraren presentere dei forslaga ein har valt å gå vidare med i første omgang.

13. Skyssbåt til Os.

Ordføraren orienterte om arbeidet kommunen har gjort så langt, både i administrasjonen og på politisk nivå. Han beklaga at ikkje dette var ferdig før søknadsfristen til vgs gjekk ut og forstod at dette skapte usikkerheit hos mange. Det var skrive to uttaler frå ungdomsrådet; ein som sendast fylkesordførar Jon Askeland og ein som presenterast på Fylkesting for ungdom på Voss 25. – 27. mars.

14. Omreisande Ungdomsklubb, informasjon frå arbeidsgruppe

            Dette prosjektet går inn i Open hall – ungdom våren 2022. Vidare arbeid med og utvikling av konseptet vil bli vurdert hausten 2022.

15. Temaveke søvn

Alma sjekkar med skulen for å få fastsatt dato for arrangementet. Vi forsøker å få det til våren 2022.


16. Å grue seg til skulen, informasjon frå arbeidsgruppe

            Alma sjekkar med skulen kva dei har tenkt å gjere med resultata frå Ungdata, og om ein kan samarbeide om det.

17. Ymse

           E39

Etter framlegg frå eit av medlemmane i rådet, ble det bestemt at ein framover skulle få informasjon om prosjektet frå ulike aktørar. Dette for å forberede seg til høyringsfrist som kjem hausten -22 eller våren -23. Det er mykje informasjon om prosjektet, og for å kunne skrive ein uttale, treng rådet å setje seg ordentleg inn i saken. Det vart bestemt å invitere Statens vegvesen til neste møte.

Ungdomsrådet fekk også tilsendt lenkje til Folkemøte arrangert torsdag 10. mars 2022.

Det blir også arrangert folkemøte i Tysneshallen 28. mars

18. Neste møte
Det vart bestemt å forsøke å ha neste møte på Treffstaden. Dato kjem!
                                               

 

Synnøve Bakke
skrivar
17.03.22