MØTE I TYSNES UNGDOMSRÅD 2021-2022

Onsdag 02.02.2022

Kl. 08:30-15:00 Kommunestyresalen

 

Tilstades:
Lars Kristoffer Meidell Alsaker
Tora Nødland Austvik
Stine Erstad
Hans Torbjørn Lygre Kongsvik
Anna Olea Fjeldet Sunde
Sander Thunold
Milena Titoka
Alma Vermedal
Kulturkonsulent Synnøve Bakke
Ordførar Kåre Martin Kleppe
Kristine Bjelland, helsesjukepleiar for ungdom
Oliver Nordtveit Fagerbakk, leiar elevrådet for ungdomsskulen, Tysnes skule
Synnøve Vines, konstituert rektor, Tysnes skule

 

Forfall:
Hanne Sofie Brandvik
Anna Haaland Haugsgjerd
Iselinn Thunold

Saksliste

1. Leiar Alma Vermedal ønskte velkommen

2. Innkalling vart godkjent

3. Referat frå 13.12.2021 vart godkjent
https://www.tysnes.kommune.no/referat-13-12-21.6504048-532215.html

4. Dagsorden vart endra, det vart satt inn ei ny sak som punkt 6b

5. Leiar gjekk igjennom dagens opplegg

6. Uttale frå ungdomsrådet

    Interkommunalt samarbeid innanfor barnevernområdet

Uttale frå Tysnes ungdomsråd om interkommunalt barnevernsamarbeid:

Tysnes ungdomsråd er positiv til interkommunalt samarbeid i Sunnhordland innanfor barnevernområdet. Det interkommunale samarbeidet kan forbetre kompetansen og kunnskapen i faget ved at det blir fleire tilsette innan same fagfelt. Sjølv om det vert samanslåing er det viktig at barneverntenesta er tilgjengeleg på Tysnes for dei som ønskjer det, og at ein kan velje om ein vil kontakte folk ein kjenner eller folk ein ikkje kjenner.

Tysnes ungdomsråd

Uggdal, 02.02.22

6b. Uttale frå ungdomsrådet
Skyssbåt og endring i start- og sluttider ved Os vgs og Os gymnas

Uttale frå Tysnes Ungdomsråd om skyssbåt og endring i start- og sluttider ved Os vgs og Os gymnas:

Tysnes ungdomsråd har diskutert endring i skulestart, båt- og bussruter for elevar i grunnskule og vidaregåande skule på Tysnes. Der fekk me fram gode argument både for og imot alternativa. I skrivet frå Aud Kaldefoss er ikkje alternativ 2 eller alternativ 4 aktuelt, og derfor vart det berre diskusjon rundt alternativ 1 og alternativ 3.

For grunnskuleelevane her på Tysnes vil alternativ 3 fungera best i forhold til mindre endring i den noverande skulekvardagen. Grunnskuleelevane vil då sleppe unødvendig lange dagar, og arbeidstidene til dei som jobbar i skulen vil ikkje bli utsett for store endringar. Dersom dette er ei ordning som skal fungere for alle, inkludert ungdommar som pendlar til Os-skulane, er det viktig at båttidane passar med skulestarten, slik at elevane kjem til skulen i god tid om morgonen.  

Alternativ 1 derimot, vil passe vgs-elevane betre enn grunnskuleelevane her på øya. Det vert ein lang skuledag for dei yngste på Uggdal dersom dei kjem til skulen mellom 07:05 og 07:10. Dette gjeld også 5. – 10. trinn ved Tysnes skule, som kjem til skulen mellom 07:10 og 07:20. Skal ein gå for dette alternativet, burde ein finna gode løysingar før skulestart. Det kan f.eks. vera frukost eller ei form for leksetilbod/aktivitet for alle.

Etter samtalar med vgs-elever frå Tysnes som allereie pendlar i dag, var det delte meiningar.

Nokon synest det var best at båten gjekk 40 minuttar tidlegare om morgonen (alternativ 1) slik at dei kjem heim til den noverande tida, altså i 16-tiden. Dei meinte med det at det var seint nok i seg sjølv å kome heim med båten rundt 16:00.

Andre elever meiner det kan bli veldig tidleg for mange å ta båten 07:20 om morgonen, og ville heller at den gjekk 20 minuttar før om morgonen og 20 minuttar seinare om ettermiddagen.

Om alternativ 1 skal fungera for grunnskuleelevane må det vera eit godt tilbod før skulestart, noko som krev større ressursar frå skulane. Alternativ 1 er eit tilbod som gjer at vgs-elevane kjem heim igjen til same tid, og det vil ikkje ha nokon verknad på «ettermiddagstida». Til slutt konkluderte me med at alternativ 3 er det beste, sett i ein heilskap for alle. Det viktigaste for ungdommen på Tysnes er eit godt pendlartilbod slik at me blir verande på øya etter endt grunnskule.

(Langsiktig såg me på ein løysing om å eventuelt flytte skuletida ved Tysnesskulane slik at det ikkje vert noko ventetid for elevane på øya. Men dette er ein lang prosess der det er snakk om å flytte jobbtidene til lærarane på Tysnes, noko som kan ta lang tid.)

Konklusjonen vår er, slik saka ligg føre, at alternativ 3 vil vera best.

Tysnes ungdomsråd

Uggdal 02.02.22

7. Uttale frå ungdomsrådet
Tilskot til inkludering BUFDIR - rangering av søknader  
 

Rangering av søknadar frå Tysnes ungdomsråd:

 

1. Tysnes husflidslag – Rundt bålet

2. Tysnes IL – 50% aktivitetsguide

3. Tysnes IL – Klatring for alle

4. Båtlaget Njord/Tysnes – Sjøsportsveka

Tysnes ungdomsråd,

Uggdal, 02.02.22

8. Kl. 11.00 Jordmor og helsesjukepleiar Kristine Bjelland vil snakke om helsestasjon for ungdom

Kristine Bjelland presenterte helsestasjon for ungdom, sjå vedlagte PowerPoint.

  • Helsestasjon for ungdom er flytta til Våge, i tilståtande lokale til Treffstaden.
  • Ope tysdagar frå 15-1715, men følgjer skuleruta. I ferier kan ein ringje om ein treng kontakt. Treffstaden lukker kl. 16, så det er mogleg å komme uten at alle på treffstaden ser deg.
  • Her kan ein mellom anna få hjelp til å skaffe prevensjon. Det gjeld også om du er under 16.
  • Helsedirektoratet har bestemt at det skal vere likt tilbod om helsestasjon for barn og ungdom i alle kommunar.
  • Helsestasjon for ungdom er lågterskel, drop-in, der ungdommane er.
  • Det skal vere brukarmedverknad, helsestasjonen ønskjer innspel på tenesta frå ungdom i kommunen.
  • Helsesjukepleiar er tilstade, saman med kommunepsykologen annankvar tysdag og lege annankvar tysdag.
  • Alle som jobbar på helsestasjonen har teieplikt.
    • Fram til ein er 18 er det foreldra som har ansvar for barnet
    • Når du har fylt 16 vil helsestasjonen som hovudregel ikkje informere føresette.
    • Om du er mellom 12-16 vil personale vurdere om foreldra bør informerast.

Du kan få hjelp til:

  • Fysiske plager (også fastlege kan hjelpe med dette)
  • Psykisk helse – samtalar
  • Kropp og seksuell helse
  • Graviditetstesting
  • Prevensjon, gratis kondom og hjelp for jenter å finne riktig prevensjon
  • Testing for kjønnssjukdom, du treng ikkje kle av deg.

Kristine Bjelland ønskte hjelp til:

Korleis nå ungdommen?

  • Plakatar på skulen og skyssbåt
  • Besøke alle klassar på Tysnes skule og Onarheim (mellomtrinnet)
  • Instagram
  • Temaveke
  • Hjelpe til med seksualundervisning på Tysnes skule og mellomtrinnet på Onarheim. Ungdomsrådet meiner undervisninga på dette området kan bli betre.
  • Kan omvising vere noko? Viktigare med informasjon om tilbodet enn med omvising i lokala.
  • På Os vgs og Os gymnas har dei eigen helsesjukepleier som elevane der nyttar.

Innspel til tenesta:

  • Opningstid i helgane, men då må det vere buss som korresponderer.
  • Telefontid i helger? Det finns eigne telefoner for ungdom, tildøme https://ungdomstelefonen.no/
  • Ha ein plass ungdommar kan slappe av og vere litt åleine. Eit rom med ein koselig sofa, både på skulen og helsestasjonen.

Korleis nå gutane?

  • Nokre kommunar har eigne helsestasjoner for gutar.
  • Gutar kan vere litt redde for å ta kontakt med helsesjuepleier fordi dei er bekymra for kva andre tenkjer om dei.
  • Sei at det er gratis kakao, slik at fleire gutar vil komme.
  • Det er betre å snakke med ei dame enn med ein mann.
  • Ikkje sitje og snakke om problema, men heller dra på ein tur eller noko slikt de dei kan føle seg meir komfortabel.

 

9. Omreisande Ungdomsklubb

Vi rakk ikkje å jobbe med denne saken på dette møtet. Arbeidsgruppa jobbar med saken fram mot neste møte i ungdomsrådet.

 

10. Lunsj og møte med elevrådsleiar og fungerande rektor Synnøve Vines

Workshop rundt Ungdata-undersøkinga 2021. 30% av elevar i ungdomssolen rapporterer i 2021 om at dei har hatt søvnproblem.

Ein ønskjer å få til fellesmøter mellom elevråd og ungdomsråd ein gong i halvåret.

Ungdomsrådet kan også delta i personalmøter når det er ønskeleg.

 

Å grue seg til skulen (samarbeid med elevrådet, lærarar)

I ungdomsskulen gruer ein av tre jenter seg til å gå på skulen.

I 2021 var fordelinga mellom kjønna slik:

B 83FWSBMTeNsAAAAAElFTkSuQmCC

Ungdomsrådet ønskte å gjere ei undersøking blant elevane for å finne ut kva som ligg bak talla. Kvifor gruer dei seg til å gå på skulen?

Arbeidsgruppa vart utvida med ein, frå Stine, Alma og Tora til også å inkludere Anna Olea. Anna Olea er i tillegg medlem av elevrådet. Ein ønskjer å invitere inn ein frå elevrådet på mellomtrinnet i arbeidsgruppa.

 

Søvn

Opprette bra samarbeid med FAU.

  • Felles regler for skjerm i lågare klasser?
  • Kan heile skulen ha temaveke samstundes?
    • Lære søvnteknikker
    • Lære kor viktig søvn er.
    • Få vekk fokuset på at det er kult å leggje seg seint.
    • Være meir i aktivitet, noko som gjer ein meir trøtt på kvelden. Meir aktivitet i skulekvardagen.
    • Foredrag frå søvnekspert.
    • Meir leksehjelp, slik at ein ikkje blir sitjande med lekser om natta.
    • Sjå på kva telefon og SoMe har å seie for søvn.
    • Korleis bli kvitt tankekjør om kvelden?
    • Ha ein lærar med i arbeidsgruppa for temaveka.
    • 30% av jentene i Tysnes føler på stress mot 3% av gutane. Kvifor er det slik?
  • Lage undersøking om søvn på skulen, som kan presenteras for FAU og andre.

 

11. Referat/ skriv/ meldingar:

1.Samandrag av innspel fra kommunale ungdomsråd om fremtidens kulturtilbud:

I september i år ba Kulturtanken om innspill fra alle kommunale ungdomsråd om hvordan kunst- og kulturlivet kan styrkes i kjølvannet av koronapandemien. Over 100 ungdomsråd besvarte henvendelsen. En sammenfatning av disse ble sammen med flere andre innspill og rapporter, nylig oversendt Kulturrådet og NFI i forbindelse med deres oppdrag om å se nærmere på hvordan det norske kulturlivet kan styrkes i kjølvannet av pandemien. Mer informasjon om oppdraget finner dere her: https://www.kulturradet.no/gjenoppbygging.

For at ungdomsrådene nå skal få muligheten til å se resultatet av innspillene oversender Kulturtanken følgende:

 

Et skriftlig sammendrag av innspillene fra de kommunale ungdomsrådene. Sjå vedlegg Innspill fra kommunale ungdomsråd

Link til opptak av konferansen Veien videre - Neste generasjons kulturpolitikk: https://www.kulturtanken.no/kalender/2021/veien-videre-neste-generasjons-kulturpolitikk/?fbclid=IwAR0B7Jo9UGemfDyopp2kI8GdB1EE8-atY8T9qKGRJKKp3WTqsOH8Ps_-5Lg

 

2.     Lokal mobilisering mot doping:

Arbeidet for et dopingfritt samfunn startar i lokalmiljøa. 
Velkommen til webinar med Vestland fylkeskommune og Antidoping Norge 3. februar kl 1400-1515.

Dopingbruk blant ungdommar handlar ikkje berre om idrett og prestasjon, det handlar om skifte av treningsmiljø, aukande kroppspress og lav sjølvkjensle blant ungdommar. Ønsket om ein veltrena, muskuløs og feittfri kropp fører for nokon til usunne treningsregimer. Andre tyr til ulovlege og helseskadelege dopingmidlar for å oppnå raske resultat. Når dopingbruk rammar eit lokalsamfunn kan dette føre til store sosiale, økonomiske og samfunnsmessige konsekvensar.

 

I webinaret vil vi gje deg ei innføring i korleis du kan sette antidoping på agendaen i din kommune. Gjennom lokal mobilisering mot doping har fylkeskommunen, og samarbeidskommunane våre arbeida for sunne og helsefremmande treningsmiljø for unge. Vi vil dele av vår erfaring og kunnskap, men også løfte frem utfordringar når det gjeld å førebygge dopingbruk.

Webinaret blir gjennomført på Teams og er ope for alle, særleg deg som arbeider med folkehelse, idrett, rus/kriminalitetsførebyggande og ungdommar.

Meld deg på her

 

Det var ingen innspel til desse.

 

12. Ymse

Det vert arrangert fylkesting for ungdom 25.-27. mars. Invitasjon med utfyllande informasjon vil bli sendt ut fem veker før arrangementet.

Alma, Lars og Stine har foreløpig meldt seg som interesserte.

 

Uggdal, 15.02.22

Synnøve Bakke

skrivar