MØTE I TYSNES UNGDOMSRÅD 2021-2022

Måndag 13.12.2021

Kl. 08:30-15:30 Kommunestyresalen

 

Tilstade:

Lars Kristoffer Meidell Alsaker
Tora Nødland Austvik
Hanne Sofie Brandvik
Stine Erstad
Hans Torbjørn Lygre Kongsvik
Anna Olea Fjeldet Sunde
Sander Thunold
Milena Titoka
Alma Vermedal
Kulturkonsulent Synnøve Bakke 
Ordførar Kåre Martin Kleppe 
Per Verner Aase, frivilligsentralen
Trine Lise Aasen, frivilligsentralen

Forfall:
Anna Haaland Haugsgjerd
Iselinn Thunold
Helsesjukepleiar Kristine Bjelland

 

1. Leiar Alma Vermedal ønskte velkommen

2. Innkalling vart godkjent

3. Referat frå 17.11 21 vart godkjent.  https://www.tysnes.kommune.no/referat-17-11-21.6424099-532215.html 

4. Dagsorden vart endra då jordmor og helsesjukepleiar Kristine Bjelland var sjuk.

5. Leiar gjekk igjennom dagens opplegg

6. Alma og Milena summerte opp helga 20.11-21.11 på nettverkssamling for ungdomsråd  Vestland.

  • Veldig lærerikt
  • Emil får Øygarden er Tysnes sin kontaktperson i Vestland ungdomsutval
  • Fylkestinget for ungdom (FFU) har møte ein gong i året. Vestland ungdomsutval (VU) er arbeidsutvalet til fylkestinget. Utvalet har ein valperiode på to år.
  • Utvalet har fleire underutval:
    • Samferdsle og mobilitet (kollektiv, trygge veger)
    • Opplæring og kompetanse (gratis frukost, gratis mensenprodukt)
    • Kultur, idrett og integrering (e-sport)
    • Næring og naturressursar (grøn energi, klimakonferanse)
    • Egen organisasjon (nettverkssamling, kontakt med ungdomsråd i kommunane, sosiale tiltak)
  • Neste fylkesting er i mars 2022
  • Alma og Milena var på kurs i å skrive lesarinnlegg om korleis ein skal argumentere.
  • Dei vart også kjent med representantar for ungdomsråda i Stord, Fitjar og Bjørnafjorden.

7. Oppdatering av nettsida til Tysnes ungdomsråd

https://www.tysnes.kommune.no/ungdomsraadet-2021-2022.6411253-406437.html
Alma minte alle på at dei som ikkje hadde gjort det, måtte sende bilde og litt om seg sjølv til Synnøve. Dette skulle også brukast på Instagram. Det er viktig å vere aktiv på sosiale medier for å nå ungdommen.

8. Budsjettplanlegging for 2022

  • Budsjettet er på kr. 50 000,-

Foreløpig budsjett:

Opplæring og kurs

15 000

Avslutning og sosiale tiltak

3 000

Halloween-fest

10 000

Møtemat

3 000

Politisk dag

5 000

Reising

1 000

 

37 000

Kanskje ein skulle arrangere sommarfest?

9. Jordmor og helse sjukepleiar Kristine Bjelland vil snakke om helsestasjon for Ungdom

    Kristine Bjelland var sjuk, men vil bli invitert til neste møte.

10. Per Verner Aase og Trine Lise Aasen kom for å ete lunsj med ungdomsrådet og snakke om frivilligsentralen og eit eventuelt samarbeid med ungdommen om Ungdata.

  • Per Verner jobbar 80%, i all hovudsak med eldre
  • Trine Lise jobbar 20%, i all hovudsak med barn og unge
  • Målet til frivilligsentralen: å gjere Tysnes til ein betre stad å bu.
  • Tiltak for dei eldre: blant anna treff på omsorgssenter og seniortreff
  • Tiltak for dei unge: blant anna BUA
  • Alma presenterte «Ungdomsklubb» for Per Verner og Trine Lise, og ønskte at Ungdomsrådet, kulturkontoret og Frivilligsentralen arbeider saman om prosjektet. Det ble bestemt at vi søkjer pengar og prøver å få dette til.
  •  

11. Workshop ungdata

Først såg ein litt på resultata frå Ungdataundersøkinga 2021 og diskuterte kva ein kunne arrangere:

  • Lage sosial aktivitetar for alle
  • Gratis inngang
  • Open hall med ulike aktivitetar
  • Samarbeid med ungdomslaget i Våge
  • Arrangement: LAN og spillkvelder
  • Ungdomskino
  • Hugla har eit ungdomshus som står ope heile tida, kan det la seg gjere her?
  • Det må vere enkelt utan for mykje planlegging
  • Søkje om pengar til å arrangera
  • Ungdomsklubb kvar veke i Vonheim

Ungdomsrådet valde å gå vidare med fire prosjekt:

EINSEMD

Einsemd går igjen  både i undersøkinga frå 2019 og i årets undersøking. Ungdomsrådet ønskjer å etablere ein omreisande ungdomsklubb

tankekart omreisande ungdomsklubb.jpg

Å GRUE SEG TIL SKULEN
Mange gruer seg til skulen. Ungdomsrådet vil samarbeide med skulen om dette. Arbeidsgruppe: Stine, Alma og Tora

  • Kvifor gruer så mange seg? Kan vi lage ei undersøking?
  • Skrive til elevråd og skuleadministrasjon og høyre kva dei gjer med dette?
  • Kan skulen ta med grue seg i elevsamtaler?
  • Kan rektor også kome på neste møte samane med elevråd og sekretær for elevråd for å snakke om dette?
  • Lærarane må samarbeide meir og betre om tilpassa skulekvardag.
  • Kanskje nokon gruar seg fordi alt er blitt digitalt. Dei fleste saknar bøker.

SØVN
Jenter søv mindre enn gutar. Kvifor gjer dei da og kan ein gjere noko for at jentene skal få meir søvn? Ungdomsrådet vil arbeide med FAU om dette, og inviterer FAU til neste møte.

  • Kan helsesøster informere om søvn?
  • 30% av jentane i Tysnes føler på stress mot 3% av gutane. Kvifor er det slik?
  • Temauke om søvn på skulen. Kan også ha andre temaveker om tildøme psykisk helse og vold og overgrep.

 

IDRETTSDAG
Ungdomsrådet ønskjer å invitere til lågterskel idrettsdag i Tysneshallen og skulens uteområde.

  • Søkje pengar hos UDIR
  • Idrett for alle
  • Jobbe med idrettsrådet og invitere dei til møte.
  • Arbeidsgruppe: Milena, Hanne Sofie og Alma

12. Alma informerte om arbeidsoppgåver i ungdomsrådet og om Erasmus+

  • Alma ønskte å leie eit aktivt ungdomsråd. Eit som tar tak i saken og viser initiativ og hun hadde ein presentasjon som viste kva ungdomsrådet skal gjere i ein kommune. https://www.bufdir.no/fagstotte/produkter/ungdomsrad/#heading-contentlink-115191
  • Ungdomsrådet skal vere eit rådgivande organ for kommunen.
  • Det vart diskutert om ein skulle ha underutval, men ein kom fram til at det var betre å setje ned arbeidsgrupper til ulike prosjekt.
  • SOME-gruppa: Tora og Anna-Olea
  • Synnøve meinte administrasjonen i kommunen ikkje er gode nok på å sende saker til ungdomsrådet for uttale, men at det blir arbeidd med dette i kommunes leiing.
  • Erasmus+ er ein stad å søkje pengar for både lokale og internasjonale prosjekt. Vi tenkjer vidare på dette...

13. Evaluering av heildagsmøtet

                   Positivt

  • Fått diskutert meir
  • Komen lengre i saker
  • Det var meir effektivt enn kortare møter
  • Vi fekk gått igjennom mykje meir
  • Prima
  • Vi fekk gjort mykje

Negativt

  • Mange følte seg meir vaken på morgonen enn etter lunsj, gjekk litt tom på slutten av dagen.
  • Vi kunne vore litt meir i bevegelse
  • Trenger lengre pausar enn det vi hadde i dag

Evalueringa viste at alle meinte det var meir effektivt og lettare å få gjort meir når ein hadde litt lengre tid enn 2 timar. Det vart vedteke å forsette med heildagsmøter.

14. Ymse

  • Ungdomsrådet ønskjer samarbeid med elevrådet på Tysnes skule. Inviterast, saman med koordinator Synnøve Vines.
  • Korleis går det med volleyball-bana og nett i Kjevikjo?
  • Kommunestyremøtet skal ha skulebruksplanen oppe til handsaming 17.12. Det vart diskutert om ungdomsrådet skulle be om taletid eller om ein skulle slå seg til ro med høyringsinnspelet som ble gitt før den politiske handsaminga. Det vart vedteke at ungdomsrådet ikkje ønskte ytterlegare taletid.
  • Det vart bestemt å kjøpe inn grå hettegenserar med namn og logo på.
  • Det er komen førespurnad frå 1. mai-komiteen om nokon frå ungdomsrådet hadde lyst å halde appell på Mandelhuset 1. mai kl. 13. Det vart bestemt at ungdomsrådet stiller med ein talar.

15. Neste møte
Neste møte vert 10. januar 2022, frå kl. 08:30-15:00 i rådhuset i Uggdal.

Synnøve Bakke
skrivar