27. nov. 2020 kl. 14:50

Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Logo NAV

Kva er økonomisk sosialhjelp?

Økonomisk sosialhjelp er ei mellombels inntekt.   Målet med stønaden er at du så raskt som mogleg skal kunne klare deg sjølv

Før du kan få stønad må du vurdere alla nadre moglegheiter til å forsørgje deg sjølv.

NAV vurderer situasjonen din individualet.  Det vil seie kva behov du har for rettleiing og oppfølging og kor mykje du kan få i støtte.

Saksbehandlingstida for øknomisk sosialhjelp er maks tre veker.  Dersom ho er meir enn dette, skal du få eit førebels svar.  Dersom hjelpebehovet er akutt, skal du få eit raskt svar.

Dei som skal søkje om økonomisk sosialhjelp kan no gjere det digitalt på nav.no.

Informasjon og søknadsskjema kan du finne her: www.nav.no/sosialhjelp

Dersom du ikkje kan søkje digitalt, kan du fortsatt finne papirsøknad på kommunen si nettside, her: papirsøknad

Kven kan få?

For å få økonomisk sosialhjelp må du:

  • Opphalde deg lovleg i Noreg.  For å ha fulle rettar må du ha lovleg opphalde og fast bustad.
  • Vere ute av stand til å forsørgje deg sjølv ved arbeid, eigne midlar eller ved andre økonomisk ytingar du kan ha krav på.
  • Dokumentere alle inntekter, utgifter og tilgjengelege midlar.

Alle har rett til å søkje om økonomisk sosialhjelp å få ei vurdering av saka si.  Du har krav på svar gjennom eit skriftleg vedtak.  NAV-kontoret kan ikkje avslå ein søknad munnleg.

Kva kan du få?

NAV-kontoret brukar skjønn for å vurdere kva utgifter som er nødvendige for å sikre deg eit forsvarleg livsopphald.

Det er statlege, rettleiande satsar og retningsliner for å berekne økonomisk sosialhjelp.  Tysnes kommune nyttar desse.  Nokre kommunar har eigne rettleiande satsar.

Korleis søkjer du?

Du må søkje NAV-kontoret i den kommunen du oppheld deg.  NAV-kontoret vil vanlegvis ha ei samtale med deg slik at de saman kan sjå på behovet ditt for hjelp.

NAV-kontoret treng opplysningar om inntekter, utgifter og personlege forhold som livssituasjon, familiesituasjon, bustad, busituasjon, alder og helse.  NAV skal ta særleg omsyn til barn og unges behov.

Du må dokumentere opplysningane i saka di. NAV avgjer kva som er tilstrekkeleg dokumentasjon.  Eksempel er likningsattest, lønnsslipp, saldoutskrift, husleigekontrakt, kopi av faktura som viser utgifter til for eksempel straum, forsikring, barnehage, lege, fysioterapi og tannlege.

 

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i situasjonen din som kan påverke berekninga av det beløpet du får utbetalt frå NAV, må du straks melde frå til NAV.