Bilte frå Pexels

Barnehageplass 2023/2024

Søknad  om plass i barnehage for barnehageåret 2023/2024

For barnehageåret 2023/2024 kan du søkje plass 3, 4 eller 5 dagar per veke i Tysnes kommune sine barnehagar.

Søknadsfrist

Søknadane som er registrert innan 01.02.23 vil vera avgjerande for korleis me plannlegg drifta frå hausten.

Opptakskriterier

Søknaden vert handsama ut i frå opplysningane som kjem fram på søknadsskjemaet, og etter gjeldande Vedtekter for barnehagane i Tysnes kommune. Sjå opptaktskriterier under.

Ein tek atterhald om at søknad om differensierte plassar ( 3 eller 4 dagar per veke) må kunne samordnast slik at barnehagen sine ressursar vert nytta på beste måte.

Søknadsskjema

Søknadsskjema finn du her: https://barnehage.visma.no/tysnes

 

Søknaden må sendast innan 1. februar 2023

Opptakskriteria

7. OPPTAK - OPPTAKSKRITERIA

  • Ved søknad om plass skal det nyttast eige skjema påført nødvendige opplysningar. Opptak blir føreteke ut frå dei opplysningane som kjem fram på søknadsskjemaet. Søknadskjema finn ein her: https://barnehage.visma.no/tysnes 
  • Det vert føreteke eitt hovudopptak i året, gjeldande frå barnehagestart i august. Søknadsfrist er 1. februar. Søknader som kjem inn etter den tid, vert vurdert etter kvart, dersom det er ledige plassar. Det vert elles sett opp venteliste. Barnehageplassen vert tildelt frå det året ein søkjer, og til han vert sagt opp skriftleg, eller når barnet startar på skulen.
  • Svar på søknad om plass i løpet av barnehageåret, skal gjevast seinast tre månader før barnet skal byrja i barnehagen.
  • Oppvekstsjefen føretek samordna opptak etter innstilling frå barnehagerettleiar og styrarane. Melding om opptak vert gjeve skriftleg.
  • Klage: Det er høve til å klaga på eit vedtak fatta av skulesjefen. Ev. klage må setjast fram skriftleg innan 3 veker

Lenkje til Vedtekter for barnehagane i Tysnes kommune