Arealplanar og planregister

Kommunal planlegging har til formål å legge til rette for utvikling og samordna oppgåveløysing i kommunen gjennom forvaltning av arealene og naturressursane i kommunen, og ved å gje grunnlag for gjennomføring av kommunal, regional, statlig og privat verksemd.

Kommuneplan
Kommunen skal ha ein arealplan for hele kommunen (kommuneplanens arealdel) som viser samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Det kan utarbeidas arealplanar for delar av kommunens område (kommunedelplan).

Plankartet skal i nødvendig utstrekning vise hovudformål og hensynssoner for bruk og vern av areal og omfatte plankart, føresegner og planomtale kor det framgår korleis nasjonale mål og retningslinjer, og overordna planar for arealbruk, er ivaretatt.

Reguleringsplanar
Reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner som syner bruk, vern og utforming av arealer og fysiske omgjevnader.

Kommunestyret skal sørgje for at det blir utarbeida reguleringsplan for dei områder i kommunen kor dette følgjer av loven eller av kommuneplanens arealdel, samt der det elles er behov for å sikre forsvarlig planavklaring og gjennomføring av byggje- og anleggstiltak, fleirbruk og vern i forhold til aktuelle private og offentlege interesser.

Reguleringsplan kan utarbeidast som områderegulering eller detaljregulering.

Planregister
Jf. plan og bygningslova § 2-2 skal kommunen ha eit planregister som gir opplysningar om gjeldande arealplanar og andre føresegner som fastlegg korleis areala skal utnyttast.

 

Planregister til Tysnes kommune er tilgjengeleg for publikum via internett. Planregisterløysning WebPlan er kobla mot kommunen si karttjeneste Fonnakart og ein kan velje om ein vil søkje fram planar i registeret eller i kartklienten. Det er lasta opp plankart og dei viktigaste dokumenta.

 

WebPlan - planregister

WebPlan

Fonnakart - kartklient

Fonnakart

Vel rett karttype i nedtrekksmenyen til venstre og bruk infoknappen for å få fram planinformasjon.