Lån og tilskot til bustad


Forskrift om startlån frå Husbanken

Heimel: Fastsett av Kommunal- og moderniseringsdepartementet 12. mars 2014 med hjemmel i lov 29. mai 2009 nr. 30 om Husbanken § 1 fjerde ledd.

Startlån skal bidra til at personer med langvarige finansieringsproblem kan skaffe seg eigna bustad og behalde den. Husbanken gjev lån til kommuner for videre utlån av startlån til enkeltpersoner.

Tysnes kommune har tilbod om fylgjande lån og tilskot:

Startlån

  • til bygging av ny bustad
  • til kjøp av bustad
  • til refinansiering

Lånet vert gjeve til personar som har vanskar med å fullfinansiera bustaden gjennom andre låneinstitusjonar, eller har problem med å klara utgiftene til renter og avdrag på slike lån. Me føreset at De kan betena lånet og i utgangspunkt at De har eigenkapital på kr. 50.000. Renta på lånet er lik renta i Husbanken. Les vilkår på Husbanken sine nettside og Lokale rettningsliner for startlån og bustadtilskot.

Utbedringslån til tilpassing
Målgruppa er eldre over 60 år og /eller funksjonshemma som har trong for å utbetra bustaden med sikte på tilpassing til dagleg fungering, t.d. byggja soverom i 1. høgda. Her kan du låna opp til 95% av godkjende utbetringskostnader.

Bustadtilskot til etablering
Slikt tilskot skal medverka til at husstandar med svak økonomi, t.d.  funksjonshemma, sosialt vanskelegstilte, eldre og unge i etableringsfasen, skal få nøkterne og eigna bustader.

Bustadtilskot til tilpassing - bu heime lenger

Søk om tilskot til å tilpassa bustaden din.

Dersom du treng økonomisk stønad for tilpassing av bustaden din, slik at du framleis kan bli buande der, kan du søkja kommunen din om tilskot til dette.

 

Fleire eldre og personar med funksjonsnedsetjing kan bli buande heime lenger ved å få tilpassa bustaden sin. Tilskot til tilpassing kan gjera dette mogeleg.

Tilskotet er ei offentleg ordning som kan hjelpa deg å bli buande heime, sjølv med nedsett funksjonsevne. Det kan søkjast om støtte til enkle tiltak, som til dømes å fjerna tersklar for å betra tilkomsten til bustaden, men også til større ombyggingar for å leggja til rette bustaden i forhold til brukaren si funksjonsnedsetjing. Familiar med funksjonshemma barn er høgt prioritert ved tildeling av tilskotet.

 

Kommunane vil ikkje nytta absolutte inntektsgrenser i slike saker. Den økonomiske behovsprøvinga skal vera ut frå ei heilskapleg vurdering av husstanden sin økonomiske situasjon på sikt, - etter at tilpassingstiltaket er gjennomført.

 

Ved planlegging av større ombygning kan det væra smart å først søkja Husbanken om tilskot til utgreiing og prosjektering.

 

LOKALE RETNINGSLINER FOR STARTLÅN OG BUSTADTILSKOT

Lokale retningsliner for startlån og bustadtilskot i Tysnes kommune gjeld i tillegg til til Husbanken sine retningsliner.

 

Kontakt oss

NAV Kontaktsenter tlf. 55 55 33 33

Helse og omsorg

Telefon: 53437060
Telefax: 53437011
Legevakt: 116117

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Skjema

Relaterte artiklar