Flyktning

Busetjing i kommunane

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) har, i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund (KS), ansvar for kva kommunar som vert førespurt om å busetja flyktningar. På regionalt nivå er det IMDI Vest og KS som har dette ansvaret. Busetjing i kommunar vert vurdert ut frå folketal, statistikk om ønskje frå flyktningar, arbeidsmarknaden og IMDI sin strategi for busetjing. Tysnes kommune har sidan 2001 ikkje fått førespurnad om å busetja flyktningar.

Nasjonalt introduksjonsregister

Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) gjev oversikt over rettar og plikter til kvar einskild flyktning og innvandrar i kommunen. Registeret skal nyttast til å registrera og rapportera om norskopplæring på individnivå i kommunane. IMDI har hovudansvaret for det nasjonale registeret, medan kommunane har ansvar for innrapportering av eigne deltakarar.

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar

Rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap vart lovfesta frå 2005. Det er opphaldsgrunnlag og alder som avgjer rettar og plikter. Vaksne innvandrarar med opphaldsløyve som gjev grunnlag for busetjing, har rett og plikt til å gjennomføra 300 timar opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Introduksjonsprogram

Alle kommunar som buset flyktningar har plikt til å tilby introduksjonsprogram (Introduksjonslova). Det er obligatorisk for flyktningar å delta i programmet. Introduksjonsprogrammet kombinerer skule med språk- og samfunnslære, med arbeidstrening og kursing t.d. i samarbeid med NAV. Eit introduksjonsprogram varer normalt inntil 2 år, skal vera heilårleg og på full tid. Dei som deltek har krav på introduksjonsstønad. Stønaden utgjer to gonger folketrygden sitt grunnbeløp (G) på årsbasis.