Den 06.12.2022 gjorde Kartverket i namnesak 2008/19 vedtak om skrivemåte av fylgjande stadnamn i Tysnes kommune:

Tornes (gard 2)

Tornes (bruk 2/1 og 2/2)

Tornessåta (topp)

Stemmevatna (hovudnamn)/ Tornesvatna (undernamn)

Vedtaket er heimla i § 7 tredje ledd i lov om stadnamn.

Bakgrunn for saka, grunngiving og lovheimel kjem fram av vedtaket.

Vedtak i namnsak 2008/19 - Tornes - Tysnes kommune

Kunngjering

Kommunen skal syta for at vedtaket vert gjort kjent for dei partane i kommune som har klagerett etter § 12 fyrste ledd i lova. Når vedtaket gjeld skrivemåten av bruksnamn, skal kommunen senda melding om vedtaket direkte til eigarane av bruket.

Bruken av vedtekne skrivemåtar

Me presiserer at lov om stadnamn regulerer offentleg bruk av stadnamn. Privatpersonar og bedrifter som ikkje er heileigde av det offentlege, er difor ikkje pålagde å fylgja vedtekne skrivemåtar.

Når det same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten i primærfunksjonen som hovudregel vera retningsgjevande for skrivemåten i dei andre funksjonane. Dersom dette vedtaket vert ståande utan at det vert påklaga, legg Kartverket difor til grunn at kommunen vedtek same skrivemåten i ev. adressenamn og adressetilleggsnamn der namnet vert nytta.

Når det er gjort vedtak om adressenamn, adressetilleggsnamn og krinsnamn (grunn-, val-, skulekrins og kyrkjesokn), skal den vedtekne skrivemåten leggjast inn i matrikkelen, og adressenamn i SSR verta oppdaterte frå matrikkelen. Vedtak om adressenamn skal framleis sendast til m.a. Kartverket, jf. § 9 fjerde ledd i forskrift om stadnamn. Kartverket fører den vedtekne skrivemåten av bruksnamn i SSR, og skrivemåten vert henta inn i matrikkelen derifrå.

Klage

Vedtak om skrivemåten kan etter § 12 i lov om stadnamn påklagast av dei som etter § 6 bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn.

a.         eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd
b.         eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom
c.         ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn

Klagefristen er tre veker frå meldinga om vedtaket er komen fram til mottakaren, jf. § 9 i forskrift om stadnamn. Dersom meldinga skjer med offentleg kunngjering, tek klagefristen til frå den dagen vedtaket vert kunngjort fyrste gongen. Dei som har klagerett, har rett til å sjå saksdokumenta, som er arkiverte hjå vedtaksorganet. Det er høve til å søkja om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjord.

Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket med kopi til kommune innan 11.05.2023. Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtala alle namn eller namneledd klaga gjeld.

Når ein tek opp ei klagesak, gjeld dei same sakshandsamingsreglane som for namnesaker elles. Dersom vedtaket vert oppretthalde, sender Kartverket saka vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker for endeleg avgjerd.