23. sep. 2020 kl. 13:59

Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer

Skatteoppkrevjar

Frå 1. november 2020 tek Skatteetaten over ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene som kommunen har i dag.

Sjå meir informasjon i nyhendeartikkelen på framsida.


Skatteoppkrevjaren i Bjørnafjorden er skatteoppkrevjar på vegne av Tysnes kommune


Skatteoppkrevjaren har sjølvstendig ansvar for innkrevjing av skatt på vegner av kommunen, fylkeskommunen, staten og folketrygda.

Du kan finne fleire opplysningar på heimesida til Skatteetaten

Skatteoppkrevjaren har følgjande oppgåver:

  • Skatterekneskap
  • Avrekning av skatt
  • Innkrevjing av skatt
    Dersom krav ikkje blir betalt innan fristen kan skatteoppkrevjaren gjera krav om påleggstrekk eller motrekning. Skattekrav skal sikrast ved utlegg i eigedom og lausøyre.
  • Nedsetjing, ettergjeving eller betalingsordning av skatt
    Skatteoppkrevjaren er kommunen sin sakshandsamar i saker som gjeld nedsetjing, ettergjeving eller betalingsordning av skatt. Formannskapet gjer vedak i sakene.

Arbeidsgjevarkontroll
Skatteoppkrevjaren fører kontroll med at arbeidsgjevarane sender oppgåver, fører lønsrekneskap, gjennomfører forskotstrekk og påleggstrekk og betaler skatter og avgifter i samsvar med lover og forskrifter.

 

Kontakt oss

Skatt

Telefon: 56 57 50 00
Telefax: 56 57 50 01
Post: Os kommune, Skatteoppkrevjaren i Os/Tysnes, Postboks 84, 5202 Os
E-post: skatt@os-ho.kommune.no
Kontoradresse: Rådhuset, 5200 Os

Skjema

Relaterte artiklar