MØTE I TYSNES UNGDOMSRÅD
Tysdag 29. september 2020, 1800-2000
Kommunstyresalen, rådhuset i Uggdal

 

Tilstade:
Tora Nødland Austvik
Anna Haaland Haugsgjerd
Parya Sakhizade
Iselinn Thunold
Milena Titoka
Alma Vermedal
Ingebjørg Wildhagen
Ordfører Kåre Martin Kleppe
Kulturkonsulent Synnøve Bakke

Forfall:
Lars Kristoffer Meidell Alsaker
Brita Nødland Austvik
Michelle Loftskjær

 

01. Ordførar Kåre Martin Kleppe ønsket alle velkomen til konstituerande møte i ungdomsrådet.

02. Innkalling ble godkjent, men det ble presisert at det neste gong må vere litt lengre tid frå innkalling til møte.

03. Dagsordenen ble godkjent.

04. Ordføraren informerte om korleis kommunen er oppbygd og fungerer. Han fortalte også litt om kva betyr det å vere leiar, nestleiar, kasserar og sekretær i ungdomsrådet.

05. Det vart gjennomført val på leiar, nestleiar, kasserar og sekretær. Dei valte blir sittande i eitt år, nytt val siste møte før sommaren 2021.

                Ingebjørg Wildhagen vart vald som leiar.

                Anna Haaland Haugsgjerd vart valt til nestleiar

                Milena Titoka vart vald til sekretær

                Rådet vart einige om å utsetje val av kasserer til neste møte.

                Rådet vart einige om å utnemne SOME-ansvarleg på neste møte.

06. Ordføraren informerte om Ungdomsrådets rolle og arbeidsoppgåver. Vi ønskjer å involvere ungdomsrådet i planarbeid og at ungdomsrådet kan gje uttale i saker dei er opptekne av.           Ein av måtane vi kan gjere dette på er at rådet har møte i forkant av kommunestyremøter og går igjennom sakslista for å plukke ut sakar av interesse.
       Neste kommunestyremøte er 15.desember 2020.

07. Ymse

       Forslag til saker som kan vere aktuelle for rådet å sjå nærare på:

  • Invitere SIM, snakke om plast
  • Lage park møteplass for ungdom
  • Presentere uteområdet for den nye skulen
  • Invitere Ida Heggland frå Vestland om ungdomsarbeid på fylkesnivå
  • Undersøke gummibelegg løpebane Uggdal
  • Undersøke «bestille buss»-app. Kva er det, korleis verkar det, kan vi få det her?
  • Fleire ungdomsfilmar på kino
  • E-sportmøteplass
  • Lågterskel volleyball
  • Tennisbane
  • Samle ungdomsråd i regionen
  • Sveio ungdomsråd veldig aktiv, hadde vore på Island på studietur
  • Kjevikjo – volleyball i dårleg stand. Stupebrettet er borte.

08. Rådet bestemte at nytt møte skulle vere i veke 45, men ville sjå litt nærare på kva dato den veka som passa best.

20.10.20
Synnøve Bakke
skrivar