MØTE I TYSNES UNGDOMSRÅD

Fredag 28/05/2021, kl.18-19.30

 

Kommunestyresalen på Rådhuset i Uggdal

Tilstade:
Lars Kristoffer Meidel Alsaker
Tora Nødland Austvik
Alma Vermedal
Parya Sakhizade
Michelle Loftskjær
Ingebjørg Wildhagen
Milena Titoka
Kulturkonsulent Synnøve Bakke

Forfall:
Anna Haaland Haugsgjerd
Brita Nødland Austvik
Iselinn Thunold

Inviterte gjester:
Marita Flemmen, politi

Saksliste:

66. Ingebjørg Wildhagen ynskja alle velkommen til nytt møte i ungdomsrådet.

67. Innkallinga blei godkjent.

68. Referatet fra forrige møte blei godkjent.

69. Dagsorden blei godkjent.

70. Helsesøster Kristine Bjelland var sjuk og kunne derfor ikkje komme på møtet.

71. Me fekk besøk av politiet. Det var Marita Flemmen som kom og fortalde litt om oppgåvene ho og kollegaene hennar hadde. Dei arbeider mykje med sosiale medier og prøver å forhindra at folk blir utsatt for seksuelt misbruk på sosiale medier. No har dei flytta til Våge kai, og kontoret deira er ope Mandag, Tysdag og Fredag fra kl. 09-14, men ein kan også bestille time dersom det er noko. Dei har også sine kontoer på Facebook, Nettpatruljen og TikTok.

Nokre kom med innspel til politiet:

-Dei bør komme oftare på Treffstaden.
-Dersom me opner ein møteplass for ungdom i Ungdomshuset etter at pandemien er over, vil me at dei skal komme innom.
-Politiet bør snakka meir med mellomtrinnet om bruk av sosiale medier.

72. Nærskulepoeng og psykisk helse for ungdom på Tysnes skal bli tatt opp på kommunestyremøtet den 15.juni kl.16:00. Me håper på at me vertfall får komme inn i Stor-Bergen med nærskulepoenga.

73. Sakar:

-Regionalplan for kultur, idrett og friluftsliv. Ingebjørg og Anna har sendt denne e-posta til Vestland fylke:

Tusen takk for at vi fikk delta møte om planprogram av regional plan for kultur, idrett og friluftsliv, den 9. april. På dette møte sa dere at dere ville ha inn forslag og innspill for å legge opp aktiviteter og annet for at det skal bli bra for alle. Vi fra Tysnes ungdomsråd bor i en distriktskommune med store avstander, derfor ønsker vi å sende inn forslag om at planlegginga av kulturtilbud skal samsvare med kollektivtransporttilbudet.

Mvh Tysnes Ungdomsråd

-Me skal ha eit nytt val av medlemmer i Ungdomsrådet, og om det er nokon som skal ut eller nye som vil inn. Helst vil me ikkje vere fleire enn me er allereie, men det skal me avtale meir nærmare. Fristen vil vere 14.juni.

-Alma fortalte om at hun hadde vore med i navnekomiteén til den nye dagsturhytta ved Kyrkjevatnet. Komiteén bestemte at hytta får navnet Miklestofa, som tyder stove. Hytta kan også bli kalla Myklestova.

74. Ymse:

Me i Ungdomsrådet skal ha ein middag på Mandelhuset fordi leiaren, Ingebjørg Wildhagen, skal flytta vekk og slutta i Ungdomsrådet. Middagen blir mest sansynleg Laurdag 12.juni.

75. Det har ikkje blitt satt ein fast dato på neste møte, men det blir i haust.

 

Milena Titoka
Skrivar