MØTE I TYSNES UNGDOMSRÅD
Onsdag 27.okt.21 kl.: 14.00-15.45
Tysnes skule, Våge

 

Tilstade:
Tora Nødland Austvik 
Anna Olea Fjeldet Sunde 
Hans Torbjørn Lygre Kongsvik 
Lars Kristoffer Meidell Alsaker 
Hanne Sofie Brandvik 
Stine Erstad 
Milena Titoka 
Kulturkonsulent Synnøve Bakke 
Ordførar Kåre Martin Kleppe

Forfall:
Alma Vermedal 
Sander Thunold 
Iselinn Thunold 
Anna Haaland Haugsgjerd

1. Leiaren, Alma Vermedal, var ikkje på møtet, derfor måtte nestleiar, Tora Nødland Austvik, ta over den rolla i dag, så ho ynskja alle velkommen til nytt møte i ungdomsrådet.

2. Innkallinga blei godkjent.

3. Referatet frå førre møte blei godkjent.

4. Dagsorden blei godkjent. 

5. Skulebruksplanen:

Me gjekk gjennom teksten som Alma Vermedal og Tora Nødland Austvik hadde skrevet om våre meiningar med skulebruksplanen. Me blei einige i at alternativ C (å samla alle skulane på Tysnes på ein stad) ikkje var eit alternativ me stod for. Mest av alt likte me alternativ A (å ha skulane slik dei er no), fordi så langt har det gått bra.

Alternativ B hadde sine positive og negative sider:

-Den positive sida er at alle midla frå Tysnes- og Uggdal skule vil bli samla saman på ein stad.

-Den negative sida derimot, er det at barn som er yngre kan føla seg utrygge blant dei eldre, og dersom me behaldar det slik som det er no, kan dei få litt tid til å bli van med ungane omtrent på sin alder før dei kjem til ein større skule.

6. Nettverkssamling for Ungdomsråd i Vestland:

FRA 20.-21. november er det ei nettverssamling i Bergen der det vil vere ungdomsråd frå ulike kommunar. Me fekk tilbod om at to stykk frå ungdomsrådet vårt kunne dra for å representera sitt ungdomsråd og sin kommune.

Dei som har lyst å dra på dette møtet er:

-Lars Kristoffer Meidell Alsaker 
-Milena Titoka
-Stine Erstad 
-Tora Nødland Austvik 
-Alma Vermedal 

Me skal sjå litt nærare på kven som skal dra.

 

7. Møte i prosjektet Systematisk identifikasjon av sårbare barn:

Tidlegare var Tysnes Ungdomsråd på eit møte der me snakka om korleis me skal følgja opp sårbare barn på Tysnes, og gav råd til dei som haldar dette prosjektet. No har det gått lang tid sidan me var på dette møte, så no har det sikkert vert noko framgang. Derfor er me invitert til møte den 22 november på Tysnes skule frå kl. 14-16, der dei skal fortelja om korleis det har gått.

Dessverre kan ikkje 10. klassingane frå Ungdomsrådet (Alma Vermedal, Tora Nødland Austvik, Lars Kristoffer Meidell Alsaker, Anna Olea Fjeldet Sunde og Milena Titoka) vere med på dette møte, fordi dei er vekkreist. Synnøve Bakke skal snakka med Susanna Heggland om dei skal flytte møtet eller ikkje.

8. Møte angåande Ungdata-undersøkjinga:

Me er også invitert til eit møte den 23 november på Tysnes skule i skuletida frå kl. 10-13 angåande Ungdata-undersøkjinga som blei teke i år. I år har både ungdomsskulen og mellomtrinnet teke denne undersøkinga, og på dette møte vil dei vise kva resultata blei og forskjellane på resultata frå dei førre åra og dette. Sidan dette var første gangen mellomtrinnet tok denne undersøkinga, vil dei ikkje vise forskjellane frå dei andre åra på mellomtrinnet.

9. Oppfølging av saker fra førre møte:

Me har vil svært gjerne besøkja eit anna ungdomsråd for å snakka og sjå litt kva saker dei er oppteken av og jobbar med. Me vil kanskje møta nokon engasjerte ungdommar på nettverkssamlinga som me vil besøkja ein gong.

10. Halloween-fest:

Me tok ei lita oppsummering på kva me har gjennomført:

•Musikk: Er klart, må berre finpussast.

•Mat: Alt er klart, brusen blir henta.

•Pynt: Pynten har me nokre problemar med fordi den har enda ikkje kome, dersom den ikkje kjem før torsdag eller fredag må me kjøpa pynt ein annan plass og heller levera tilbake den me bestilte.

•Marknadsføring: Plakatane skal bli hengd meir rundt på Tysnes, nokon skal me kanskje ha i Hurtigbåten slik at vidaregåande elevar får også sett den.

•Kåringar: Me skal også ha to kåringar på Halloween-festen; "Beste kostyme" og "Morosamaste kostyme". Det er valfritt å gå kome med kostyme, men det hadde vore veldig kjekt for både oss og dei andre om folk gjorde det.

•Vaktar: Me har kontroll på vaktar, vaktene er nokon av foreldra frå oss i ungdomsrådet, i tillegg har me kontakt med politiet, så det blir ein trygg fest.

Denne festen er for tysnesingar som er født mellom 08-03, men det er sjølvsagt lov å invitera andre venar som ikkje er eldre enn det. Det er veldig viktig at folk sprer ordet og kjem på festen, for når me først har ein fest her på Tysnes, er det viktig å kome, men me skal ikkje tvinga nokon til det :)

Me skal dra til Vonheim på fredag og laurdag for å pynta.

 

11. Ymse:

- Me fekk ein mail frå Benjamin Jakobsen om nokre spørsmål angåande ungdomsråd og våre innflytelsar i ulike saker. Dette var hans masteroppgåve, og heile ungdomsrådet svara i lag på spørsmåla. Synnøve Bakke skreiv svara våre ned og skal sende dei til han snart.

- Me trudde me fekk nokre problem med budsjettet, på grunn av alt det me har brukt pengar på, men til slutt viste det seg at me har meir enn nok og at me kanskje vil gå i pluss etter Halloween-festen.

 

 

Inntekt

Utgift

Opphald

1 061,16

 

Kurs

9 999,96

 

Tilskot

20 000,00

 

Tilskot julebord frå kraftlaget

4 000,00

 

Tilskot Halloween kraftlaget

6 000,00

 

Møtemat

 

1 238,11

Avslutning sommaren 2021

 

1 773,60

Gåve til Ingebjørg

 

283,20

Taxi til rådhuset

 

188,68

Fly Kristiansand

 

6 760,32

SUM

41 061,12

10 243,91

Me skal ta ein oppsummering neste møte på kor mange pengar me har att.

- Synnøve Bakke har hatt kontakt med kinoen, og dei sa at dei ville gjerne ha nokon ungdommar som vil hjelpe dei når dei opnar att. Dei ville også ha ein bestemt og organisert ungdom frå Ungdomsrådet som kunne vere kontaktpersonen deira, og me bestemte oss for at det skulle bli Anna Olea Fjeldet Sunde.

12. Neste møte blei avtalt den 17. nov. 2021.

Milena Titoka
Skrivar

 

Uttale til framlegg til barnehage- og skulebruksplan

Ungdomsrådet ynskjer å gje følgjande uttale til barnehage og skulebruksplanen:

 

Me i Ungdomsrådet er opptatt av at det skal vera eit trygt og godt miljø for alle skuleelevar

og barn, samt ei reisevei som er overkommelig for alle uansett alder. Ungdomsrådet har

diskutert alle alternativa, og kom er komen fram til våre meiningar rundt dei ulike alternativa.

 

For oss er det viktig at kvar og ein skuleelev har eit trygt nærmiljø, ein trygg skuleplass og at

eleven føler seg sett i kvardagen. Me meiner at alternativ C ikkje oppfølgjer desse krava, i og

med at det blir ein veldig lang skuleveg for enkelte og det kan skapa ein utrygghet når ein

blander så store aldersgrupper. Skulevegen kan også bli eit problem dersom

førsteklassingar frå Onarheim må ta 45 minuttar med buss kvar veg til skulen.

 

Samstundes kan det vera veldig positivt å samla aldersgrupper, i og med at

lærersamarbeidet kan bli styrka og betre. Me ser og at det kan bli større moglegheiter for ein

betre og større SFO om ein slår saman skulane og får SFO-en i Våge. Dersom ein slår

saman Uggdal- og Tysnes Skule, kan barnehagen få ein mykje betre plass i eit nytt bygg.

Men om skulen i Uggdal skal bli barnehage, må det gjerast endringar som gjer bygget egna

for små barn.

 

Det er nokre negative sider med alternativ B, i og med at det kan bli vanskeleg for dei små

barna å føla seg trygge når dei fyrste skuleåra deira er i lag med ungdommar som er ti år

eldre enn seg sjølv.

 

Me ser at den noverande situasjonen rundt skulane på Tysnes fungerar, sjølv om det trengst

små tiltak for å gjera skuler og barnehager betre. Det er ein tryggleik for dei små borna på

Uggdal skule slik systemet er i dag. Der får elevane tid til å byggje vennskap og tryggleik

saman med andre barn på sin eigen alder før dei vert flytta til ein større skule med høgare

aldersforskjeller. Dette er ein viktig faktor for at dei små barna skal ha et trygt og godt

skulemiljø og for forebygging av mobbing.

 

I konklusjon har fleirtalet i ungdomsrådet komen fram til at alternativ A når best opp til våre

forventinger og krav rundt skulebruksplanen. Det viktigste for oss er å sikre barnas tryggleik

og sikkerheit i skulekvardagen.