MØTE I TYSNES UNGDOMSRÅD
Torsdag 23.september, 14:00 - 15:45
Tysnes skule, Våge

Tilstade:
Tora Nødland Austvik
Alma Vermedal
Lars Kristoffer Meidell Alsaker
Hanne Sofie Brandvik
Anna Olea Fjeldet Sunde
Sander Thunold
Stine Erstad
Hans Torbjørn Lygre Kongsvik
Milena Titoka
Kulturkonsulent Synnøve Bakke
Ordførar Kåre Martin Kleppe

Forfall:
Anna Haaland Haugsgjerd
Iselinn Thunold

Inviterte gjestar:
Assisterande rådmann Tommy-René Stordal

1. Synnøve Bakke ynskja dei nye medlemmane i Tysnes Ungdomsråd velkommen.

2. Innkallinga blei godkjent.

3. Referatet frå forrige møte blei godkjent.

4. Dagsorden blei godkjent.

5. Val av nye medlemmar:

Leiar: Alma Vermedal (ny)
Nestleiar: Tora Nødland Austvik (ny)
Kasserar: Lars Kristoffer Meidell Alsaker (attval)
Sekretær: Milena Titoka (attval)

6. Ungdomsrådkonferansen 2021
I år er det Ungdomskonferanse i Kristiansand 01.11 - 02.11. To medlemmar frå Tysnes Ungdomsråd fekk vere med for å representera Ungdomsrådet vårt. Dei to medlemmane som fekk vere med er Leiar, Alma Vermedal, og nestleiar, Tora Nødland Austvik. Dersom nokon av dei blir sjuk, må vi finne ut om nokon andre kan reise. Dei reiser søndagen 31.10.

7. TV-aksjonen 2021
I år vil TV-aksjonen vere den 24.10, og Tysnes Ungdomsråd har blitt spurt om å hjelpe til den 20.10. Pengane som blir samla går til Plan Internationals, som kjemper mot tvangsekteskap. Søndagen etter TV-aksjonen skal nokon frå Ungdomsrådet vere med å telja pengane. Sander Thunold og Hans Torbjørn Lygre Kongsvik vil vere med begge dagane og hjelpa til.

8. Skulebruksplanen 2021-2035 
Me fekk informasjon om Skulebruksplanen av Tommy-René Stordal. Måla dei har er å:

• Sikra best mogleg kvalitet i barnehagen og skulen.
• Koma fram til ein skule- og barnehagestruktur som er tilpassa vilkåra som ligg i vedteken kommuneplan.
• Å sikra at skulane og barnehagane på Tysnes er tilpassa ein skule- og barnehagedrift i tråd med gjeldande sentrale og lokale retningslinjer og planar.
• Å sikra eit godt arbeidsmiljø for tilsette og barn/elevar.
• Å gje råd om fysiske og pedagogiske planrammer ved å leggje til rette for framtidas skule og barnehage.
• Å prioritera og tidfesta tiltak innanfor kommunen sine økonomiske rammer.
• Å få eit langsiktig og heilskapleg grunnlag for utbygging av barnehage- og skulekapasiteten i kommunen.

Me har fått nokre alternativ på korleis dei vil gjere det:

  • Alternativ A:
    Behalda alle skulane slik dei er i dag.
  • Alternativ B:
    Slå saman Tysnes- og Uggdal skule, og behalda Onarheim skule slik den er i dag  (1-7 klasse). Da vil dei utvida Tysnes skule til ein stor skule med 1-10 klassar. Uggdal skule vil da enten bli rive ned eller blir Stjernereiso barnehage flytta inn der.
  • Alternativ C:
    Alle skulane blir samla på ein stad.

Ordføraren meiner at Alternativ C blir mest sannsynleg ikkje blir noko av, men tenkjer på Alternativ B som eit godt alternativ. Me i Ungdomsrådet meiner at Alternativ A er det beste alternativet, fordi at det vil bli veldig mykje styr med bygging når me allereie har snart byggja ny skule, og det kan oppstå problem på skulen dersom det blir så store aldersforskjellar. Alma og Tora forbereder forslag til skriftleg innspel til planen som me handsamar på neste møte.

9. Arrangement i Vonheim
Me i Ungdomsrådet har ein kontrakt med Vonheim om å låne bygget. Me må byrja å tenkja meir på kva me skal gjere, ulike forslag er:

• Spelekveld.
• Dansekveld.

Kva aldersgrense skal me ha?

Det me veit er at me låner lokalet nede. Me har tenkt å ha det litt seinare på kvelden, etter klokka 16, for at vidaregåande elevar får også komme.

No har me tenkt å ha ein Halloween-fest ein helg med Halloween-tema. Det vil ikkje vere lov å ta med seg mat eller drikka, men me vil selja ulikt på staden. Inngangen er gratis!

Nokre forslag på kva dato det skal vere er: Laurdagar, 23.10, 30.10 eller 06.11. Me må snakka litt med Vonheim om kva dagar som passer best for dei.

Dersom nokon har andre forslag til møtestaden eller til Halloween-festen, kan de kontakta oss personleg eller via vår Instagram: tysnes_ungdomsraad

10. Ymse
Noko me vil snakka om i andre møter er:
• Bussrutene: Det går ingen buss om laurdagen som er ein fri dag for oss unge når me vil møta kvarandre og vere saman.
• Me vil gjerne reise på besøk til eit anna Ungdomsråd i nærområde.

11. Neste møte:
Neste møte er avtalt onsdag 27. oktober kl. 14 på Tysnes skule.

12. Bilde
Me tok nye bilder til nytt Ungdomsråd som blir lagt ut på Tysnes kommune sin nettside og på Facebook.

Milena Titoka
Skrivar