MØTE I TYSNES UNGDOMSRÅD 
Fredag 16.04.2021, kl.18:00-20:00
Kommunestyresalen, rådhuset i Uggdal

Tilstade: 
Lars Kristoffer Meidell Alsaker
Brita Nødland Austvik
Tora Nødland Austvik
Anna Haaland Haugsgjerd
Michelle Loftskjær
Parya Sakhi Zade
Alma Vermedal
Ingebjørg Wildhagen
Kulturkonsulent Synnøve Bakke

Forfall:
Iselinn Thunold
Milena Titoka

Inviterte gjester: 
Øystein Vaage, Tysnesfest-ansvarlig

Saksliste: 

55. Velkommen
Ingebjørg Wildhagen, leiar, ynskja alle velkommen til eit nytt møte i ungdomsrådet.

56. Innkallinga blei godkjent.

57. Godkjenning av referat
Referatet frå sist møte (16.03.2021) blei godkjent.

58. Dagsorden blei godkjent.

59. Tysnesfest UNG
Øystein Vaage fortalde oss om Tysnesfest UNG, og ville ha innspel til kva som er populært blant ungdommer på Tysnesfest. Me vil laga ein programkomite som kan vera med på å bestemme kva som skal skje til Tysnesfest 2022. Det vil bli lagt ut innlegg i avisa der folk kan ta kontakt med Brita Nødland Austvik (kontaktperson) om dei ynskjer å vera med i porgramkomiteen. Tysnes Ungdomsråd er veldig positiv til å samarbeide med Tysnesfest vidare. Det skal også leggast ut eit innlegg på Tysnes Ungdomsråd sin instagram. 

60. Oppfølging av saker frå forrige møte: 

  • "Hent meg". Anna og Ingebjørg sender mail til fylkeskommunen om kva som går an å gjere ang. "hent meg". Evt. delta på neste møtet via teems for å sjå kva tilbod som som er moglege. Anna og Ingebjørg kontakter også eldrerådet ang. dette og spør etter innspel. 
  • SIM og Politiet kom ikkje denne gangen, men me prøver igjen neste møte. 
  • Me vil ha møter der alle kan komme, og velger difor og fortsette med møter om fredagene. 
  • UKM - Tysnes og Bjørnafjorden kommune samarbeider om konseptet UKM. Me vil formilde dette på sosiale medier (Tysnes Ungdomsråd på instagram) og om nokon er interessert kan dei kontakte Synnøve Bakke. 

61.  Planprogram for regional plan for kultur, idrett og friluftsliv
Ingebjørg og Anna har vore på møte med bl.a. ungdommene i Vestland, eldrerådet og dei med nedsatt funksjonsevne om kva som er mogleg å gjere i fylket når det gjeld kultur, idrett og friluftsliv. Ingebjørg og Anna vil kontakte fylkeskommunen om bl.a. transport og løpebaner. 

62. Rapport frå FFU. 
Anna og Ingebjørg var på digitalt møte 10. og 11. april. Dei fortalde kva dei hadde lært og snakka om: 
- Lære å halde ein debatt og kordan halde ein samtale.
- Andre kommuner som også jobber for bedre transport i sin kommune. 
- Kultur og idrett. 
- Opplæring og komptanse. 
- Dei vart også kjent med andre ungdomsråd. 

63. Val hausten 2021
Alle i ungdomsrådet må tenke gjennom om dei framleis skal fortsette. På neste møte satser me på at alle stiller slik at me kan diskutere og me skal rekrutere inn enda fleire. Me vil også ynskje gutar ekstra velkommen. 

64. Ymse

  • Det skal velgast navn på den nye hytta ved Kyrkjevatnet. Ein frå ungdomsrådet skal tirsdag 20.04.2021 vera med på å bestemme navnet. Me hadde loddtrekning og Alma Vermedal er den frå ungdomsrådet som skal delta. 
  • Ny sak til neste møte - Gamingrom på biblioteket.

65. Me blei eing om at neste møte skal gjennomførast fredag den 28.mai kl: 18:00-20:00. 

Tysnes 16.04.21

Tora Nødland Austvik