MØTE I TYSNES UNGDOMSRÅD
Tysdag 16.03.2021, kl.14:00-15:30
Tysnes skule

Tilstade:
Tora Nødland Austvik
Alma Vermedal
Anna Haaland Haugsgjerd
Parya Sakhi Zade
Iselinn Thunold
Ingebjørg Wildhagen
Lars Kristoffer Meidell Alsaker
Milena Titoka

Ordførar Kåre Martin Kleppe
Kulturkonsulent Synnøve Bakke

Forfall:
Michelle Loftskjær
Brita Nødland Austvik

Saksliste:

45. Eit nytt møte i ungdomsrådet starta, og Ingebjørg Wildhagen ynskja alle velkommen.

46. Innkallinga blei godkjent.

47. Referatet frå forrige gang blei godkjent.

48. Dagsorden blei godkjent.

49. Oppfølging av saker frå forrige møte:
• Me har lyst å ha arrangement for ungdom i Vonheim, men no sidan korona krisa har blitt verre må me vente litt med det. Men me har framleis denne avtalen.
• No er det nye folk som eig kinoen, og dei må få gjort alt klart der og fikse på den. Derfor kan dei ikkje svare på spørsmålet vårt om å sitje kinovakt heilt enda. Synnøve Bakke har kontakt med dei.
• BUA seier at dei har nok forslag til utstyr dei kan kjøpe inn, så i staden for å ha ein spørjeundersøking om det på SOME-gruppa skal me heller skrive kort om kva BUA er og når det er ope.
• SIM kjem ikkje i dag heller, og me skal heller vente med det til korona har minka.

50. Ordførar Kåre Martin Kleppe fortalde oss meir om kollektivtilbodet "Hent meg" som byrja i kommunen Sauda og no er også i Odda kommune. Grunnen til at me vil ha det er fordi at folk kan da skrive inn på telefonen når det passer for dei å bli henta, og da vil det vere ein stor eller liten buss som hentar dei, avhengig av kor mange som treng transport det tidspunktet. Nokon vedtak som Ungdomsrådet kan gjer er:
• Ha ein spørjeundersøking for når ungdom ynskjer seg nye ruter, og om dei vil bruke "Hent meg"
• Ungdomsrådet kontaktar fylkeskommunen om å lage ekstra bussruter.
• Be kommunen om å spela inn til Vestland fylkeskommune og Skyss om innføring av "Hent meg" på Tysnes.

51. Ingebjørg Wildhagen (leiar) og Anna Haaland Haugsgjerd (nestleiar) skal dra på fylkesting i Bergen, saman med to andre frå Ungdomsrådet, og representere sin kommune.

52. Den 22.april skal Ungdomsrådet dra på eit møte der me skal snakka om resultata på BTI-undersøkinga. Dei som vil vere med på dette møtet frå Ungdomsrådet er: Ingebjørg Wildhagen, Anna Haaland Haugsgjerd, Alma Vermedal, Tora Nødland Austvik, Iselinn Thunold, Lars Kristoffer Meidell Alsaker og Milena Titoka. Me har ikkje fått svar av Brita Nødland Austvik og Michelle Loftskjær enda.

53. Ymse
• Anna Haaland Haugsgjerd skal også ta kontakt med Brita Nødland Austvik og Michelle Loftskjær om når og korleis me skal ha møter vidare, slik at dei kan også få vere med.
• Synnøve Bakke skal lage ein presentasjon, og halde den for oss neste møte. I presentasjonen skal ho forklare meir om kva UKM er.
• Politiet skal bli invitert til neste møte.

54. Vi vart einige om at neste møte skulle vere når Brita og Michelle kunne vere med, fordi det er viktig at også elevar frå vidaregåande skule deltek i ungdomsrådet.

 

Tysnes 16.03.21

Milena Titoka

Skrivar