MØTE I UNGDOMSRÅDET
Tysdag 09. februar 2021, 14:00-15:30
Tysnes skule

 

Tilstade:
Iselinn Thunold
Alma Vermedal
Anna Haaland Haugsgjerd
Ingebjørg Wildhagen
Lars Kristoffer Meidel Alsaker
Tora Nødland Austvik
Parya Sakhi Zade
Milena Titoka
Ordførar Kåre Martin Kleppe
Kulturkonsulent Synnøve Bakke
Kulturkonsulent Rebekka Høgestøl

Forfall:
Michelle Loftskjær
Brita Nødland Austvik

Inviterte:
Irene Dalland, Tysnes ungdomslag
Yngve Nikolaisen, kulturskulerektor

Saksliste:
35. Velkommen
Ingebjørg Wildhagen, leiar, ynskja alle velkommen til eit nytt møte i ungdomsrådet.

36. Innkallinga blei godkjent.

37. Godkjenning av referat
Referatet frå sist møte (22.01.2021) blei godkjent.

38. Dagsorden blei godkjent.

39. Arrangement i Vonheim
Tysnes ungdomslag kom på besøk og fortalde litt om leige av Vonheim til arrangement for ungdom. Dei var positive til det, og hadde veldig lyst til at ungdom skulle bruke plassen. Me skal planleggje litt meir om kva dagar det skal vere på, og kor lenge det skal vara. Me må også snakka om me skal ha nokon vaksne som passer på oss eller ikkje. Arrangementet skal vere for aldersgruppa 13-17 år. Før me kan bruke plassen må me også få vita nokre reglar som skal følgjast. Det kostar også pengar for strøm, så me vil byrja å leige den minste delen. Dette blir mest sannsynleg etter at viruset er over.

40. Oppfølging av saker:

  • Ingebjørg Wildhagen og Anna Haugsgjerd har sendt melding til BOF (Bergen og Omland Friluftsråd), som har vore på besøk i ungdomsrådet tidlegare, og spurt om dei skal fikse nokon av friluftsområda på Tysnes. Dei sa at dei kanskje ville plassere noko i Gunnarsvikjo i staden for stupebrettet dei hadde teke vekk. Dei skal også fiksa sandvolleyballbanen i Kjevikjo. Det kan også bli arrangert ein friluftsskule saman med BOF i 2022.
  • DNT kan også arrangere friluftsskule for unge mellom 12-29 år. For å vere med på dette må ein vere medlem av DNT, eller vere familiemedlem der.
  • Ingebjørg Wildhagen og Anna Haugsgjerd har også sendt melding til Grendatun kino, men dei har enda ikkje svart. Me hadde forslag om å sitje kinovakt etter at det opnar igjen.
  • På SOME-gruppa (Sosial media) skal me også spørja om kva utstyr folk vil ha til våren på BUA. Me skal mest sannsynleg spørja på Instagram, men me skal prøva å laga ein Snapchat gruppe som alle kan følgje.
  • Instagram bruker: tysnes_ungdomsraad.
  • SIM kunne ikkje komme i dag heller på grunn av korona. Synnøve Bakke held kontakten og inviterer igjen.
  • Ingebjørg Wildhagen må snakka med Synnøve Vines om å få ungdommens distriktspanel til å spreie seg. https://ungdomspanel.distriktssenteret.no/
  • Ordføraren jobbar med ei sak om Hent Meg, den vil bli sendt ut før neste møte og diskutert der.
  • Ingebjørg og Anna har blitt med i ei gruppe av leiarar og nestleiarar i ungdomsråda i Vestland. Her får dei informasjon om kva dei andre råda jobbar med og eventuelle felles prosjekt for ungdomsråda i fylket.

41. Fylkesting for ungdom
Det blir fylkesting for ungdom i Bergen den 9-11.april. Det blir ein lærerik helg utan festing. To stykk frå vårt ungdomsråd skal vere med, og det er Ingebjørg Wildhagen (leiar) og Anna Haaland Haugsgjerd (nestleiar). Kommunen betaler for heile reisa.

42. Ung kultur møtes (UKM)
Yngve Nikolaisen kom og informerte om UKM (Ung Kultur Møtes). Det er eit kultur prosjekt der ungdom kan visa sine talentar. Det kan vere ulike talentar som song og teater eller e-sport. I fjor prøvde dei å få til samlingar med Os, men det blei ikkje noko av. UKM er eit gratis tilbod, så fleire ungdom bør vere med. Dersom ein er flink og villig til å meistre, kan ein også bli sendt vidare til ei større samling. Yngve Nikolaisen hadde også lyst til at ein av oss i ungdomsrådet skulle samla alle som ville vere med, og finne riktige plassar for dei.

Meir informasjon finn de på:

UKM.no

43. Ymse:

  • Politiet har lyst å komme til oss i ungdomsrådet, for å snakka litt om kva dei held på med, og høyra nokre forslag frå oss om kva dei skal tenkje meir på. Ordførar Kåre Martin Kleppe inviterer til neste møte.
  • ​Tidlegare var det også snakk om ein miljøvennleg kunstgrasbane på Reiso, men prisen på det var høgare, og funksjonaliteten verre, derfor blei det nedstemt. Når det skal komme eit nytt dekke i ballbingen på Tysnes skule, vil me helst finne eit som er utan plast.
  • Det var eit ønske om å lage eit betre gjerde rundt grasbanen på Reiso, for at folk ikkje går og øydeleggjar det om vinteren.
  • I Formannskapet har dei også snakka om å byggja ei universelt utforma turveg rundt Kyrkjevatnet i Uggdal og setje opp lys. Dei vil også at det skal vere kajakkar og kanoar der.

 

44. Neste møte i ungdomsrådet skal vere tysdag 16.mars klokka 14:00, Tysnes skule.

 

Milena Titoka
Sekretær
09.02.21