Lunde barnehage
Lunde barnehage- midt i Lunde "sentrum"
Me har etterkvart etablert ein, i Tysnesisk målestokk" stor barnehage i Lunde. Barnehageåret 2021/2022 har me totalt 68 plassar til barn mellom 1 og 6 år. I talet er det 50 barn og 11 vaksne, pluss styrar, og lærling Barna er fordelt på tre avdelingar, Sønnavind 1-2 år, Nordavind 3-4 år og Vestavind 5-6 år
Arbeidet vårt er forankra i Barnehagelova og Rammeplan for barnehage, med fokus på dei sju fagområda, livsmestring, leik, læring, omsorg og danning. I tillegg til dette har Tysnesbarnehagane felles planar for bl.a. språkutvikling, sosial kompetanse og fysisk aktivitet.
Me har også felles visjon: Glade vaksne- glade barn.I denne visjonen ligg det ein del underpunkt som skal sikre barna gode opplevingar i kvardagen, både i møte med barnehagen og i aktivitetane.
Me ynskjer stadig å utvikle oss, og no rettar me fokus imot COS (cirkle of securety), på norsk Trygghetssikelen. Dette er i utgongspunktet eit "foreldrerettleiingsprogram", og me ynskjer å auke kompetansen innan denne tenkninga, slik at me i enda større grad kan sikre barna trygg tilknytning i alle situasjonar og overganger i barnehage.
SU - representanter i Lunde barnehage:
- Nordavind: Tonje Øyjordsbakken og Renathe Hagen-Lunde (vara)
- Sønnavind: Lovise Dalland og Malin Hagen-Lunde (vara)
- Vestavind: Yvonne Kongsvik og Oddrun Gravdal (vara)
- Personal: Ingvill Christensen og Liv Bodil Tufta
Lurer du på barnehageplass i Tysnes kommune? Søknadskema ligg i høgremenyen under skjema.