Oppretting av ny grunneigedom, ny anleggseigedom eller nytt jordsameige, eller oppretting av ny festegrunn for bortfeste som kan gjelda i meir enn 10 år, eller arealoverføring, jf. lov om eigedomsregistrering er søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova.

Det er plan- og bygningslova sine regler som avgjer om ein kan få lov til å etablera matrikkeleining, medan matrikkellova set krav til gjennomføring av løyvet.