Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
KrisesenterVest_Logo_farge – Kopi

Krisesenter Vest IKS

Tenesteomtale

Du vurderer kanskje å bryte ut av ein valdleg relasjon, eller kanskje du allereie har gjort det og treng nokon å snakke med?
Du kan ta kontakt direkte med kommunens krisesentertilbod, utan henvisning eller timeavtale. Krisesentertilbodet er gratis og tilgjengeleg heile døgnet.

Krisesentertilbodet kan blant anna tilby:
- Støtte og praktisk hjelp
- Råd og veileding
- Hjelp til bearbeiding
- Informasjon om rettigheitar og moglegheitar
- Advokatbistand
- Formidle kontakt med offentlege instanser
- Midlertidig butilbod i trygge omgivelsar

Krisesentertilbodet har teieplikt.

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale. Du kan vere anonym.

Målgruppe

Kvinner, menn og barn som er utsatt for valg eller truslar om vald i nære relasjonar.

Lovverk

Dette er ei lovpålagd teneste jf. Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova).

Kontakt

Krisesenter vest IKS avdeling Stord, tlf. 53 41 12 12
Krisesenter vest IKS avdeling Haugesund, tlf. 52 72 98 84
E-post: post@krisesentervest.no
Nettside: www.krisesentervest.no

Nyttige lenkjer

www.dinutvei.no
www.krisesentervest.no
Finn næraste krisesenter

Lov om kommunale krisesentertilbod

Forskrift om fysisk sikkerheit i krisesentertilbodet

Kontakt oss

NAV Kontaktsenter tlf. 55 55 33 33

Helse og omsorg

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
Legevakt: 116117

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal