KREFTOMSORG I TYSNESKOMMUNE

Tysnes kommune har kreftkoordinator

Kreft treff oss ulikt, med ulikt alvor og ulik kraft. Sjukdommen rammar familiar og einsamme, unge og gamle. Me reagerer ulikt både fysisk og psykisk. Når sjukdommen rammar  blir mange problemstillingar aktuelle- utfordingar som endrar seg gjennom sjukdomsforløpet som ein ikkje reflekterer over i ein vanleg, frisk kvardag. Å vita at nokon på heimplassen din kan gje råd og støtte i ein vanskelig periode, skapar tryggleik.

 

Kva kan kreftkoordinator hjelpa med: 

  • Ein ressurs person for kreftramma og pårørande.

  • Er til hjelp for å koordinere og tilrettelegging av kvardagen for kreftsjuke og pårørande på ein best mulig måte.

  • Ha oversikt over relevante tilbod og tenester.

  • Lett tilgjengelig for pasientar og pårørande

  • Sikrar oppfølging av barn og unge som pårørande.

  • Gje råd, rettleie og informasjon til pasient og pårørande.

  • Støttesamtalar.

  • Vera eit bindeledd mellom deg, fastlege, spesialisthelseteneste og tenestene til kommunen.

     

Det er ikkje krav om tilvising frå lege. Kreftramma, pårørande eller helsepersonell kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator. Tenesta er gratis.

 

Kontakt:

Therece Aga, kreftkoordinator open omsorg, tlf.: 90159411

E-post: Therece.Aga@tysnes.kommune.no