Kontrollutvalet

Kommunestyret vél representantar til kontrollutvalet. Utvalet har 5 medlemer. Minst eitt av medlemene i kontrollutvalet må vera medlem av kommunestyret ref Kml. § 77. Medlemene og varamedlemene kan ikkje vera representerte i andre politiske utval.

Utvalet er heimla i kommunelova §77 og forskrift om kontrollutval.

Oppgåver:
Kontrollutvalet fører tilsyn med den kommunale forvaltinga på kommunestyret sine vegner.
Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverka til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet, kan ikkje leggjast til kommuneadministrasjonen, eller til revisjonen.

Kontrollutvalsboka er ein veileiar som skal vera med på å skapa større forståing av kontrollutvalget sin rolle og oppgåver, og å bidra til et godt samspel mellom dei ulike aktørane. Kontrollutvalsboka finn du her.

Tysnes kommune har inngått avtale med Deloitte AS om revisjonstenester. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.

Tysnes kommune kjøper sekreteriatstenester for kontrollutvalet hos Sekreteriat for kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune.

Sekreteriatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møte. Døme; føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekreteriatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Sekreteriatet pliktar å følgja utvalet sine retningslinjer og pålegg. Henvending til sekreteriatet for kontrollutvalet i Tysnes kan sendast på e-post til sekreteriatet. E-post adresser finn du her.

Kontrollutvalet har normalt 5 - 6 ordinære møter i året.
Innkallingar og møteprotokoll finn du i menyen til venstre.

Møta i kontrollutvalet er opne møter. Sakspapir og møteprotokollar for kontrollutvalet finn du under politiske saker i menyen på venstre side.

 

Kontrollutvalet for perioden 2020-2023 består av:
 

Medlemmer E-postadresser Telefon
1 Leiar,
Lorentz Lunde (Krf)

lorentz.lunde@haugnett.no

915 32 422

2 Nestleiar,
Britt Ersvær (Ap)

 

 
3 Sigvard Russel Madsen (H)   918 10 638
4 Kåre Haugland (Frp)

 

 

5 Lars Heine Kåsa (Sp)    
Vara Varamedlem
1. vara for 1 Lars Enes (Krf)
1. vara for 2 Gerhard Stoltz (Ap)
1. vara for 3 Egil Bjarne Berge (H)
1. vara for 4 Marit Gunn Dalland (Frp)
1. vara for 5 Linn Frøkedal (Sp)
2. vara for 1 Monica Lavik Frøkedal (Krf)
2. vara for 3 Ingrid Sunde (H)
2. vara for 5 Helge Hauge (Sp)
3. vara for 3 Kirsten Gunn Epland (H)