Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer

Heimesjukepleie


Personar som er heimebuande og som har behov for pleie og tilsyn kan få tilbod om heimesjukepleie. Heimesjukepleien er døgnbasert, og det vil seia at det er vaktordning heile døgnet. Tenesta er gratis.

Eksempel på oppgåver som heimesjukepleien kan hjelpa med er personleg hygiene, hjelp til medisinering, sårstell og tilsyn.

Behovet for heimesjukepleie kan meldast skriftleg eller munnleg til pleie- og omsorgsavdelinga.

Før søknad vert innvilga vil det bli gjennomført heimebesøk for å gjere ei vurdering av behovet.

Lovheimel
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-1, § 3-2.

Klage
Søkjar kan klage på vedtaket. Klagen skal sendast til Klageorganet i Tysnes kommune. Overordna klageorgan er Fylkesmannen i Hordaland.