Tysnes kommune har gjort vedtak om å tilby årleg førebyggjande heimebesøk til personar i aldersgruppa 77 år.

Målet med heimebesøket er å informera om tilbod som finst i kommunen, om enkle førebyggjande tiltak, og å gjera ein vurdering av brannrisiko i bustad.

Heimebesøket vert gjennomført tverrfagleg av:

  • Brannsjef Torfinn Kongsvik
  • Ergoterapeut Inger Børve
  • Fagsjukepleiar Margrete Klemmetsby.

 

Tidsramme og tema

Tidsramme pr. besøk er lagt til ein time, og du er med på å bestemme tema for samtalen.

Tema for samtalen kan for eksempel vere

  • korleis er kvardagen din
  • brannførebyggjande tiltak
  • enkle hjelpemidlar kommunen kan tilby
  • kosthald og fysisk aktivitet
  • aktivitetstilbod i nærmiljø

 

Dei som er i aldersgruppa vil få brev

Det vert årleg sendt ut brev til alle som er i aldersgruppa i kommunen med tilbod om heimebesøk.



Smittevern

Me gjer merksam på at dei som kjem vil forhalde seg til gjeldande smittevernreglar.