Med bakgrunn i redusert skogbrannfare vert det ekstraordinære forbodet mot open eld i Tysnes kommune oppheva frå kl 12:00 tyrsdag 27.06.23

Regnet har dempa brannfaren for denne gongen. Tysnes brann og redning har ikkje hatt alvorlege hendingar knytta til den auka skogbrannfaren som har vore og me vil takka alle som viste omsyn slik at det ikkje oppsto hendingar som krevde brannvesenet sine tjenester. Det set me stor pris på - Tusen takk!

Det generelle bålforbodet gjeld framleis

Det generelle bålforbodet i eller i nærleiken av skog og anna utmark i perioden 15.04 til 15.09 Det inneber bruk av alle typar grillar, stormkjøkken, bål , eingongsgrillar og bålpanner for å nemna noko. Alle pliktar dessutan å vise varsemnd og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Dette gjeld heile tida og overalt.