Eigedomsskatt


Eigedomsskatt 2022

I kommunestyremøte 16.12.2021 vedtok kommunestyret at Tysnes kommune skal skriva ut eigedomsskatt på alle bustadeigedomar, fritidseigedomar og næringseigedomar i kommunen etter nye takseringsretningsliner frå og med skatteåret 2022. Eigedomsskatten vert skriven ut i samsvar med eigedomsskattelova.

Kommunestyret har i møte 22.02.2022 fastsett eigedomsskattesatsen for 2022 til 3,0 promille for alle eigedomar utan bruk av botnfrådrag. Skattesats for «særskilt skattegrunnlag» (tidlegare verk og bruk) skal vera 4 promille.

Taksten er sett etter at eigedomar med bygg er synfart i samsvar med rammer og retningsliner for taksering og vedteken av sakkyndig nemnd i møte 17.02.2022.

 

Takseringsmetode

Taksten på eigedommen er mellom anna vurdert på bakgrunn av verdianalyser av området, faktaopplysningar om bygningar og skjønnsmessige vurderingar av kvar enkelt eigedom.

Sakkunnig nemnd har vedteke sjablongverdiar for bygningar og tomtar. Takstane er vedtekne av sakkunnig nemnd.

 

Fritak frå eigedomsskatt

Enkelte eigedomar skal ha heilt eller delvis fritak frå eigedomsskatt. Eigar/fester som meiner dei skulle hatt fritak, men ikkje har fått det, kan søkja om fritak. Eige søknadsskjema ligg på kommunen si heimeside.

 

Endringar i nye rammer og retningsliner for taksering

I forhold til rammer og retningsliner for taksering i 2009 er det gjort følgjande større endringar:

  1. Sjablongverdiane er justert i samsvar med den prisutviklinga som har vore på selte eigedomar i perioden
  2. Nokre endringar i verdiane i sonefaktorane
  3. Naust som ligg på eige gnr/bnr får eigen sjablongverdi og sonefaktor.
  4. Alle naust på andre eigedomar inngår i skattetakstgrunnlaget.
  5. Det er kun landbrukseigedomar med drift som får fritak etter eigedomsskattelova § 7h. Her vert lista over tildelt produksjonstilskot lagt til grunn.
  6. Reduksjonen i eigedomsskattetakstane for konsesjonspliktige eigedomar vert endra frå 0,5 til 0,7
  7. Landbrukseigedomar utan fritak vert taksert som bustadeigedomar i kommunen.

 

Eigedomsskattetaksering er ein massetaksering med sjablongverdiar og skjønsmessig vurdering av eigedomen og desse endringane er gjort i samsvar med eigedomsskattelova

§ 8 A-2.

Ny rammer og retningsliner for taksering i Tysnes kommune finn ein på heimesida til Tysnes kommune.

Offentleg ettersyn

Skatteliste og fritaksliste ligger tilgjengelig i 3 veker frå 1. mars i resepsjonen i Rådhuset.

 

Klage på eigedomsskattetaksten

Frist for klage på ny takst er 6 veker frå 1. mars. Klagen skal vera skriftleg, innehalda ei nærare grunngjeving og underskreve.

Eventuell klage vert å senda til:

Tysnes kommune v/eigedomsskattekontoret, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal, eller

post@tysnes.kommune.no

 

Kontaktinformasjon

Spørsmål kan rettast til

E-post:post@tysnes.kommune.no

Telefon 53 43 70 00  (måndag til fredag 09.00 – 15.00)

 

Eigedomsskatten vil verta fakturert saman med kommunale avgifter i 4 terminar i 2022.