Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Drift og vedlikehold

Drift og vedlikehald

Teknisk drift og vedlikehald har ansvar for å forvalta på beste måte dei pengane som blir stilt til rådvelde for å halda orden på og i drift :

  • 60.464 m kommunal veg
  • 9 større kommunale kaiar og eit utal mindre kommunebryggjer
  • 500 kommunale vegljos langs riks-, fylkes- og kommunevegane
  • 19.941 m2 kommunale bygg med 79.336 m2 uteareal
  • 11.873 m kommunale kloakkavlaupsnett med 3 pumpestasjonar, 1 silreinseanlegg, 8  større slamavskiljarar og 8 utsleppsanlegg i sjø.

Me har og det overordna og forvaltningsretta ansvaret for at tenesteytinga innan renovasjon og slamtøming er god og er til å stola på når det gjeld frekvens og innhald.  Kundane våre må stola på at ordningane heile tida er optimale med god kvalitet til akseptabel kostnad.  Renovasjon- og slamtømeordninga, omfattar fastbuande abonnentar og hytteabonnentar.  SIM (Sunnhordland interkommunale miljøverk) er det utøvande organet, som syt for at den praktiske utøvinga av tenesta vert gjennomført.  Meir om SIM, sjå lenkje i menyen til høgre.

Alle vassverka i kommunen er private, men teknisk drift og vedlikehald har ansvaret for å sjå til at Kommuneplan for vassforsyning blir gjennomført.  Vasslaga og kommunen har etablert eit felles kontaktutval der alle spørsmål vedkomande samarbeid om drift, vedlikehald, fagleg utvikling og investeringar blir drøfta.

Teknisk drift og vedlikehald har og ansvar for å etablera overordna planar, detaljplanar og stå føre utbygging av nye byggjefelt, hovudkloakkanlegg og sanering av eksisterande private kloakkar og me er aktive bidragsytarar i samband med all kommunal nybygging.