Støttekontakt og avlastning

Støttekontakt og avlastning kan vere aktuell for personar og familiar som har eit behov for eit slikt tilbod på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem. Avgjerande er at vedkomande ikkje kan dra omsorg for seg sjølv eller er avhengig av  personleg hjelp for å meistra daglege gjeremål. Denne tenesta er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester.

Støttekontakt og avlastning kan vere aktuelle hjelpetiltak overfor barn som på grunn av tilhøva i heimen har særlege behov for slik hjelp. Barnevernstenesta må i slike saker gjera individuell vurdering og handsaming. Denne tenesta er heimla i Lov om barneverntjenester.