Tidleg røysting
Dersom du ikkje har høve til å røysta under ordinær førehandsrøysting og heller ikkje valdagen, kan du røysta frå 1. juli og til førehandsrøystinga startar.
Tidlegrøysting føregår i rådhuset frå 1. juli til 9. august.
Ved tidligrøysting er ikkje dei ordinære røystesetlane klare. Røystesetlane som vert brukt inneheld kun namn på alle registrerte politiske parti i Noreg. Ver merksam på at ikkje alle parti stiller til val i alle fylker.
Merk av for det partiet du ønskjer å røysta på. Ønskjer du å røysta på eit parti som ikkje står på røystesetelen, skriv du namnet på partiet i det blanke feltet på røystesetelen.
Hugs legitimasjon.
Førehandsrøysting
Dersom du ikkje kan møta fram i røystelokala på røystedagen, kan du røyste på førehand. Du kan førehandsrøysta i den kommunen du sjølv ønskjer. Dersom du førehandsrøyster i ein annan kommunen enn der du er innført i folkeregisteret, må du hugse at røysta skal nå fram til heimstaden gjennom posten, innan tysdag 10.september kl 17.00.
Førehandsrøysting føregår i resepsjonen på rådhuset i opningstida:
måndag - fredag: kl 09.00 - 15.00.
Utvida opningstider:
Laurdag 31.08.19: kl.10.00-16.00
Torsdag 05.09.19: kl.15.00-19.00
Førehandsrøysting på omsorgssenteret
Tysnes kommune arrangerer førehandsrøysting på Tysnes omsorgssenteret. Tidspunkt vert annonsert.
Ambulerande røysting - røyste heimefrå
Dersom du ikkje kan møte opp i vallokalet på valdagen grunna sjukdom eller uførheit, kan du ta kontakt med kommunen og be om å få røyste heime eller der du oppheld deg.
Dersom du får tilgong til å røyste i heimen, kjem det to valfunksjonærar heim til deg og mottek førehandsrøysta di her. Tidspunkt for fristar og gjennomføring vert annonsert.